søndag 3. desember 2023

Advent 2023. Dag 4. Misjon og advent

Lat oss be: Herre, du kom til verda for å gje oss frelse, fellesskap, fred og håp. Lys for oss når me no skal dela ditt ord med kvarandre. Amen! 

Himmelens Gud talte til Abraham og sa: "I deg skal alle slekter på jorda velsignast." 1.Mosebok 12,3

Dette hende for nesten 4000 år sidan, og i dag ser me det skjer framfor augo våre. 

Det gjekk 1800 år frå Abraham fekk denne lovnaden til Jesus kom for å bringa fram eit fullkome offer til frelse for alle menneske, og før han sende læresveinane ut i verda for å proklamera sigeren han hadde vunne over synda, døden og djevelen, og kalla alle menneske til omvending og tru. 

Nå har det snart gått 2000 nye år. Kor står me? 97% av alle som bur på jorda kan i dag høyra bodskapen om Jesus på morsmålet sitt. Dei 3 siste prosenta, som forresten utgjer omlag 300 millionar menneske, snakkar bortimot 2000 ulike språk som enno ikkje er bibelspråk. 

Men utviklinga går fort. Kvar veke vert det starta tre nye bibeloversettingsprosjekt, og rundt 2035 reknar ein med at bibeloversetting innan alle språk der det er behov. 

Evangeliet har sidan Jesu himmelfart gått sin sigersgang over jorda. Nokre gongar veldig fort, andre gongar har ting stått stille. Lenge. Men over alt der evangeliet får skikkeleg fotfeste, blir menneska rikt velsigna. Dei opplever fullkomen frelse frå synd, at Jesus bryt den makta som synda og satan har hatt over liva deira, og han kjem med Den Heilage Ande og forvandlar folk frå innsida, slik at dei snur seg bort frå dei vonde gjerningane sine, og strekker seg etter det som er godt for seg sjølv, familiane sine, for naboar og samfunn. 

For over tusen år sidan kom evangeliet til Noreg. Det vart til enorm velsigning for landet. Funksjonshemma barn kunne ikkje lenger drepast ved fødsel. Alle, inkludert slavar og trekkdyr, skulle ha ein fridag i veka. Slavar skulle kunna dessutan kjøpa seg fri, om dei ønskte det.  Polygamiet vart erstatta med monogamiet, og kvinnene fekk samtykkerett ved giftarmål. Det vart forbode å driva med trolldomskunster, svart magi og blodhemn. Gud vart integrert i kvardagslivet. Folk skulle venda seg mot aust og be til den heilage Kristus om godt år og fred, om at alle deler av landet skulle vera råd å bu i, at kongen skulle bevarast uskadd, vera folket sin ven, og om at Gud skulle vera ven åt alle, for å sitera §1 i Gulatingslova som faktisk går attende til Håkon den gode på 900-talet. Lova slo fast at me alle står under Gud, og under han er me alle like. For første gong vart høg og låg, rik og fattig, ung og gamal, kvinne og mann, fri og træl, funksjonsfrisk og funksjonsskadd tilkjent same menneskeverd. Det var heilt nytt, og ei stor velsigning, og det det vart definert at det var dei sterke og rike si plikt å dra omsorg for dei små og svake i samfunnet. Noreg hadde vore eit ættesamfunn. Men kristendomen utvida perspektivet og forma oss som ein nasjon.  Smått om senn endra Noreg seg frå eit hemnsamfunn til eit nådesamfunn, frå eit maktsamfunn til eit rettssamfunn. Alle dei smålege, barnslege, lunefulle, lastefulle, og ubereknelege norrøne gudane vart kasta ut til fordel for den kvite Krist, fredsfyrsten som hadde vunne over synda døden og djevelen, han som elskar alle og ein kvar, og som me den dag i dag elskar over alt som tenkjast kan. For ei velsigning han har vore for landet vårt. Og sjølv om hans posisjon i dette folket gradvis har blitt svakare dei siste åra, har ikkje me som trur på han mista håpet om at kristentrua kan koma attende enno mektigare enn før. Enno er det mange kristne i dette landet som ber Kristus med seg ut i kvardagen, og så lenge det er tilfelle, er det ikkje grenser for kva godt som kan skje.

På 1980-talet kom Abrahams velsigning til ei lita folkegruppe på Papua Ny Guinea,  umanakainafolket, som tel omlag 2000 individ. Ingjerd og Sigmund Evensen hadde saman med barna sine dukka opp i landsbyen Bonenepi i 1978 for å gje denne stamma Bibelen på deira eige språk. Alle var redde desse menneska som inntil nyleg hadde vore kannibalar, og som elles berykta for å vera grusomme. Ord som tilgjeving og nåde eksisterte ikkje i språket deira. Dei levde i eit hemnsamfunn, og sjølvmordsraten var skyhøg.  Men det kom til å endra seg dramatisk då evangeliet begynte å lysa inn i hjarto deira. Kristus kom til dei med lys og håp. Djevelens makt vart broten, og i dag er umanakainasamfunnet eit nådesamfunn der Kristus rår og folk tek vare på kvarandre som søsken. Det skjedde som Gud hadde sagt til Abraham: "I deg skal alle slekter på jorda velsignast." 



Ingen kommentarer: