lørdag 23. desember 2023

Advent 2023, dag 23. Guds mor

 Herre Jesus! Me takkar din store kjærleik og nåde, og me takkar deg for Maria som stilte seg til disposisjon og bar deg inn i verda. Velsign oss i dag når me deler ditt ord. Amen!

Kallet som Maria fekk var både stort, ærefullt og vanskeleg. Ho skulle bli Jesu mor, eller Guds mor som dei yndar å kalla henne i dei ortodokse kyrkjene, og det kan ikkje vera noko feil med det.  

Etter ein liten, men ytterst vesentleg diskusjon, så ho ja til oppgåva engelen Gabriel gav henne. 

Historikarane er opptekne av å fortelja oss at det er dei store makroøkonomiske og maktpolitiske tilhøva i verda som bestemmer verdas utvikling. Det har dei lært av Karl Marx. Men dei tek grundig feil. Maria var ei fattig ung kvinne frå ein uglesett by. Hennar ja til Gud kom til å endra verda fullstending. Hennar ja fekk historia til å ta ein heilt ny retning. Ikkje brått, men over tid. Kvifor det? Fordi Gud er historias Herre, og han verkar gjennom enkle personar som seier ja til han.

I dag vil eg gjerne at du skal sjå deg sjølv som ein som skaper historie, og som bidreg til at mange endrar livsretning og til slutt endar opp hos Gud. 

Ta Maria som føredøme. Slik som ho sa ja til å bera Jesus inn i verda, slik vil eg oppmoda deg om å seia ja til å bera Jesus ut i verda. Still deg heilt og fullt til den gode  Guds disposisjon. Lukke til med det. 


Ingen kommentarer: