Viser innlegg med etiketten Hamas. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hamas. Vis alle innlegg

tirsdag 10. oktober 2023

Refleksjonar etter 7.oktober 2023

 Laurdag 7.oktober vart over 900 israelarar brutalt drepne i ein massiv terroraksjon utført av Hamas, og over 130 menneske tekne inn i Gaza som gislar.

22.juli 2011 vart 77 nordmenn meiningslaust drepne av vår eigen terrorist på Utøya og i Regjeringskvartalet. No har Israel tapt minst 13 gongar så mange av sine kjære, alle vanlege menneske utan annan agenda enn å leva liva sine. I dag sit to små tvillinggutar att utan foreldre, og ei heil slekt sit att med sorga etter ein familie på fem, og så er det alle dei andre

I over 2300 år har Israel og det jødiske folket vore utsette for dei mest meiningslause lidingar. Forfølging og pogromar har vore ein del av dette folket sin kvardag gjennom hundreåra, noko som toppa seg i Hitlers ville plan om å ta livet av heile gjengen. Berre Gud veit kor langt han var frå å lukkast.

På denne bakgrunn er det rørande i dag (måndag 9.oktober) å sjå Israels flagg pryda Brandenburger Tor, midt i Berlin, midt i den byen der Holocaust-planen ein gong vart unnfanga, utvikla og fødd. Slik syner tyskarane i dag solidaritet med Israel og det jødiske folket. Det same skjer forresten i mange hovudstadar i Europa, berre ikkje i Oslo. Kvifor det? Vel, Noreg har alltid hatt ein vanskeleg høve til det jødiske folket. Det inngrodde jødehatet som kom til uttrykk i Grunnlova i 1814 har aldri heilt sloppe taket i oss. Men det er verre no enn på lenge. Arbeiderpartiet som, i Håkon Lie si gylne tid, var varme tilhengarar av, og støttespelarar for, staten Israel, har i dag lett for å kritisera og fordømma landet.  Og statskanalen NRK har sjeldan noko fulltonande godt å seia om Israel og israelarar. Her er det lite forståing å henta. Det handlar for det meste å setja landet og folket i eit dårleg lys. Kvifor det? Er det journalistane sine personlege antipatiar som skin gjennom?

Som kristen kyrkje sørger me djupt over det store tapet som Israel no har lide. Me har lett for å identifisera oss med dette landet og dette folket som vår kjære Herre og frelsar ein gong kom frå, og som han framleis ser på som sitt eige. Mange tusen i Israel har dei siste åra kome til tru på Yeshua Mashiach (som dei kallar Jesus), og dette er blitt ei rørsle som ikkje kan stoppast. Heile nasjonen skal med.  

Men me ber også for det palestinske folket i Gaza og på Vestbreidda. Dei er elska av den same Gud og frelsar som oss, og inneslutta i den same frelse som alle andre. Me går imot alt hat og nedlatande omtale av dette folket, og ber om at lidingane deira skal ta slutt, at dei skal få seg rettsindige leiarar som sluttar fred med Israel, og som går saman med det jødiske folket og ikkje i mot dei. Det vil bli til velsigning for dei, og for alle. I Bibelen (Jesaja 19) ser me faktisk spor om at ei slik tid ein gong vil koma. Det ser me saman med alle som trur på Bibelen fram til med stor entusiasme.

fredag 9. januar 2009

Takk til Siv Jensen


Siv Jensen er, saman med Ingebrikt Sørfonn, så langt eg har fått med meg den einaste politikaren i landet som no står fram og forsvarar Israel sin rett til sjølvforsvar. Det står det respekt av, og alle me som elskar Israel og jødefolket har grunn til å takka henne for dette. I debatten med Kristin Halvorsen på NRK TV i kveld var ho glimrande og påviste klårt og tydeleg at det er terroristorganisasjonen Hamas, sterkt støtta av bandittregima i Syria og Iran, som heilt og fullt må ta på seg ansvaret for krigen i Gasa. Ved å skyta mange tusen rakettar mot sivile mål i sør-Israel, pressar dei Israel til å gå til forsvarskrig, og eg reknar med at heile hensikten med provokosjonane er å framprovosera ein større krig i området, eller ved å bruka sivile som skjold mot Israelske soldatar å skaffa Israel nye fiendar og seg sjølv nye "vener". Hamas er nok styrt frå Teheran, og me veit jo alle kva jødehataren Amadinejad tenkjer om Israel: Det skal bort frå kartet.

Odd Karsten Tveit sa forresten i intervju like etter debatten mellom Siv Jensen og Kristin Halvorsen, at dei einaste som støttar Hamas er Syria og Iran. Men det er ikkje sant. Noreg er i same gruppe. Det er litt av eit selskap me søkjer.

Det undra meg forresten enormt at Dagfinn Høybråthen ikkje stilte opp til støtte for Israel i demonstrasjonstoget i Oslo i kveld. Han har jo markert seg som ein sann israelsven. Ville han ikkje bli sett saman med Siv Jensen? Ville han tekkast redaktøren i Vårt Land? Det luktar merkeleg av taktikkeri av dette, og det skuffar. Det er meir enn nokon gong tid for å vera tydeleg. Me får vona at dette anfallet av otte sig av han. Men det er alltid ein fåre for at når ein begynner å trekkja seg, vil otten berre auka.

Me må halda fram med å be om frelse og fred for Israel og Jerusalem. Gud har enorme planar med dette folket sitt, og det må me ikkje mista av syne. Og fordi det er slik, vil Satan gjera alt som står i hans makt for å øydeleggja det. Men utviklinga går no fort mot den dagen då Israel skal sjå opp til Jesus som dei forkasta, og dei skal gråta sårt over han og ta han til hjarta og finna frelse og lækjedom i hans sår.