Viser innlegg med etiketten Siv Jensen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Siv Jensen. Vis alle innlegg

onsdag 8. juli 2020

Siv Jensen på ville vegar

Siv Jensen sto fram i Dagsrevyen å går og sa at samfunnet bør straffeforfølgja alle som reddar flyktningar som driv rundt på Middelhavet i eit forsøk på å koma seg til Europa. Bakgrunnen for dette vitlause utspelet var at Ocean Viking omsider hadde fått koma inn til Italia med ei gruppe  flyktningar dei hadde plukka opp frå det store havet.

Det var vanskeleg å tru det eg høyrde. Ein ting er at FrP har fått gjennom å straffa folk som skjuler flyktningar som har fått avslag på asylsøknadane sine, eller folk som gjev løna arbeid til framande utan arbeidsløyve.  Det er ille nok at dei har fått gjennom ei slik lov. Men når ho vil straffa folk som bergar liv på havet, har ho gått over ei grense som ho ikkje burde ha kryssa. Å berga folk i havsnaud har alltid vore ei plikt for alle sjøfarande. Det er rett og slett straffbart å ikkje hjelpa folk i naud om ein har høve til det. Og slik er det uansett kva som er grunnen til at situasjonen har oppstått

Ein representant for "Legar utan grenser" ombord på Ocean Viking uttalte seg slik: Dersom me skal straffeforfølgast for å berga folk, er det ein dødsdom over dei som prøver å kryssa havet.

I forgårs vart ein erfaren seglbåtførar berga i Skagerak av Redningsselskapet. Det var liten storm og 5 meter høge bølgjer då storseglet rivna og båtføraren falt og skada seg. Kvifor var han der når alle ansvarlege instansar hadde sagt at det var uforsvarleg å dra ut på havet under rådande tilhøve? Kvifor skal samfunnet bruka pengar og ressursar på å berga folk som har plassert seg sjølv i ein slik situasjon?

Men slik tenkjer me rett og slett ikkje i dette samfunnet. Heldigvis. Me grip inn og bergar folk som treng hjelp. Og slik må det vera i framtida også.

Under andre verdskrigen innførte tyskarane lover som gjorde det straffbart for folk å skjula jødar. Me bør ikkje i vår tid ein gong koma i nærleiken av å laga lover som liknar på dette.

I det heile er det ein uting å straffa folk som gjer godt mot andre. Det er eit skikkeleg blindspor. Me skulle ha meir enn nok med å straffa folk som gjer vondt mot andre. Men politiet har i mange høve ikkje kapasitet til ein gong å fanga og bringa for retten brotsmenn som dei veit namnet på. Og så skal det brukast ressursar på å etterforska folk som gjer godt mot andre. Fullstendig meiningslaust.

Alle menneske er like mykje verd, om dei kjem frå Afrika, Asia eller Europa. Om dei er svarte eller kvite. Det må me ha lært denne våren. Også Siv Jensen skulle ha lært det.

Bibelen lærer oss å elska nesten vår som oss sjølve. Dette er det mest berekraftige som er sagt her i verda. Frå Guds side er det også ei gyldig lov og eit vurderingsgrunnlag den dagen han skal døma alle menneske.  

Me bur i eit land med ein lang og rik kristen tradisjon. I denne tradisjonen er det å syna miskunn mot folk i naud fundamental. Men kalde vindar bles over jorda no, og det er tid for oss å snu og venda attende til Gud for å varma både oss sjølve og samfunnet vårt opp i hans lys.

fredag 9. januar 2009

Takk til Siv Jensen


Siv Jensen er, saman med Ingebrikt Sørfonn, så langt eg har fått med meg den einaste politikaren i landet som no står fram og forsvarar Israel sin rett til sjølvforsvar. Det står det respekt av, og alle me som elskar Israel og jødefolket har grunn til å takka henne for dette. I debatten med Kristin Halvorsen på NRK TV i kveld var ho glimrande og påviste klårt og tydeleg at det er terroristorganisasjonen Hamas, sterkt støtta av bandittregima i Syria og Iran, som heilt og fullt må ta på seg ansvaret for krigen i Gasa. Ved å skyta mange tusen rakettar mot sivile mål i sør-Israel, pressar dei Israel til å gå til forsvarskrig, og eg reknar med at heile hensikten med provokosjonane er å framprovosera ein større krig i området, eller ved å bruka sivile som skjold mot Israelske soldatar å skaffa Israel nye fiendar og seg sjølv nye "vener". Hamas er nok styrt frå Teheran, og me veit jo alle kva jødehataren Amadinejad tenkjer om Israel: Det skal bort frå kartet.

Odd Karsten Tveit sa forresten i intervju like etter debatten mellom Siv Jensen og Kristin Halvorsen, at dei einaste som støttar Hamas er Syria og Iran. Men det er ikkje sant. Noreg er i same gruppe. Det er litt av eit selskap me søkjer.

Det undra meg forresten enormt at Dagfinn Høybråthen ikkje stilte opp til støtte for Israel i demonstrasjonstoget i Oslo i kveld. Han har jo markert seg som ein sann israelsven. Ville han ikkje bli sett saman med Siv Jensen? Ville han tekkast redaktøren i Vårt Land? Det luktar merkeleg av taktikkeri av dette, og det skuffar. Det er meir enn nokon gong tid for å vera tydeleg. Me får vona at dette anfallet av otte sig av han. Men det er alltid ein fåre for at når ein begynner å trekkja seg, vil otten berre auka.

Me må halda fram med å be om frelse og fred for Israel og Jerusalem. Gud har enorme planar med dette folket sitt, og det må me ikkje mista av syne. Og fordi det er slik, vil Satan gjera alt som står i hans makt for å øydeleggja det. Men utviklinga går no fort mot den dagen då Israel skal sjå opp til Jesus som dei forkasta, og dei skal gråta sårt over han og ta han til hjarta og finna frelse og lækjedom i hans sår.