lørdag 4. mai 2019

Kristen samlivsetikk

Gud er ekstremt oppteken av samliv. Han vil at me skal vera lukkelege både i dette livet og i det som kjem, difor fortel han oss kva me skal tru, og korleis me skal leva, også på det seksuelle området.

Kva lærer han oss? Han er krystallklår: Det livslange ekteskapet mellom kvinne og mann er den einaste rette og legitime arenaen for seksuelt samliv, og målet med det heile er å få barn og etablera familiar.

Alle andre samlivsformer fører menneska bort frå Gud, og dersom ikkje folk tek sjølvkritikk og vender om til Gud og hans standard, oppnår ein ikkje lukke korkje her i livet eller i det som kjem. Resultatet vert eit liv og ei æva utan Gud.

Gud er kjærleik. Det lærer Bibelen oss. Det betyr IKKJE at han akseperer alt me som menneske finn på, og ei heller betyr det at han tilgjev og tek imot alle til slutt. Nei, det betyr at han ofra livet sitt for oss, betalte for vår skuld slik at han har grunnlag for å tilgje oss når me snur oss bort frå våre synder og overgjev oss til han og innrettar oss etter hans lover. Jesus snakkar om at porten inn i Guds rike er trong og at vegen til himmelen er smal, og at det er få som når fram dit. Dei fleste vegrar seg for ei fullstendig kristen omvending, og blir gåande på den breie vegen som fører til fortaping og evig død. 

Men døra inn i Guds rike står enno vidopen, så her er det om å gjera å gripa høvet. Dagen kjem, og den er nær, då alle dører blir lukka og alle lys sløkte.

Ingen kommentarer: