søndag 14. august 2011

Då Majeed møtte Jesus

I april 2009 var den kurdiske misjonæren og kyrkjeleiaren Majeed på besøk i kyrkjelyden vår. Han hadde ei unik historie å fortelja. Den fortel korleis Jesus regiserer møter enkeltmenneske, og gjennom desse att møter mange. Det du les her er referat frå lydopptak. God fornøying.

"Eg er kurdar, og som ung ville eg kjempa for ein sjølvstendig kurdisk nasjon. Far min var kommunist og nasjonalist, og difor vart eg også det. Eg hoppa av skulen og reiste opp i fjella for å bli soldat. Av ein eller annan grunn fekk eg aldri lov til å kjempa, dei hadde bruk for meg som kokk. Difor kom eg heldigvis ikkje til å drepa nokon.


Ein dag inntraff den situasjonen at bror min, som var politi, vart drepen medan han vakta over ein istransport. I sommarvarmen var denne isen livsnødvendig for folk. Bror min sin død var ein stor katastrofe for ein fattig familie som vår. Då eg såg den døde kroppen hans, begynte eg å tenkja på kva som skjer med oss etter døden. Kommunismen kunne ikkje gje meg noko svar på det, så eg vende meg til islam og begynte å lesa Koranen. 7 år hadde eg tent som krigar, no gjekk eg attende til skulebenken, og vart då ein veldig ivrig elev. Eg sparte meg ikkje, og lærte etter kvart heile Koranen utanåt.

Som muslim prøvde eg å finna svar på spørsmåla mine, men ingen kunne svara meg. Mullahane snakka meir om helvete enn om himmelen. Det er typisk islamsk. Dei er flinke til å skremma og truga folk. Dette i motsetning til Jesus som kom for å gje oss liv og trøyst.

Eg vart ein veldig radikal muslim. Slutta å barbera meg, las Koranen, bad, fasta og leita etter Guds kjærleik. I moskeen høyrde eg at det viktige i livet er å konvertera folk frå andre religionar til islam. Særleg var dei kristne ei viktig målgruppe.

Imamane lærte oss at forfølging av kristne og av kvinner er heilt legitimt dersom dei ikkje vil gjera det muslimske menn pålegg dei. Har dei fått beskjed 3 gongar, kan dei drepast dersom dei er ulydige. Dette er Sharia.
Radikale muslimske menn drep lett. Det er ikkje ein større sak enn å drikka eit glas vatn. Drap var svært vanleg i vår kultur.

Då eg kom heim til foreldra mine, såg eg at den yngste søstera mi ikkje bar hijab. Eg vart opprørt og bad henne om å ta på seg hovudplagg. Då ho nekta, slo eg henne så kraftig at ho gjorde som eg sa. Dette var starten på eit lite helvete for familien min. Tre gongar for dagen i 2 år banka eg søstera mi og brukte grov vald mot henne. Alle andre reagerte på framferda mi, men det brydde eg meg ikkje om. 5 av søskenbarna mine, som er krigarar, bad meg om å slutta med å oppføra meg slik elles ville dei ta livet av meg. Men eg heldt berre heldt fram med ugjerningane mine. 4 gonger forsøkte eg å drepa yngstesøstera mi med kniv, men mor vår stilte seg i mellom, og eg kunne jo ikkje nett drepa mor mi. Kvifor gjorde eg dette? Ein av grunnane låg i at Koranen og kulturen i noko grad oppmuntra til det, men hovudgrunnen låg nok i mitt eige vonde og mørke hjarta.

Likevel var ikkje dette heile sanninga om meg, for heile tida var eg sjølv på jakt etter kvinner i nabolaget og håpa inderleg at eg kunne få sjå i det minste leggene deira, og målet var å kunna etablera eit hemmeleg seksuelt høve til nokre av dei. Emosjonelt var eg veldig svolten. Men utvendig ville eg gjerne framstå som ein heilstøypt religiøs person som det var verd å beundra.

I 3 år hadde søstera mi det ufatteleg vanskeleg pga meg. Ho fekk ikkje sjå TV eller høyra radio. Eg hadde skapt eit lite helvete for henne i hennar eigen heim.

Men på denne tida var det kristne misjonærar som forkynte evangeliet også på universitetet, og ein av lærarane mine fortalde om lyrikken i Det nye testamentet, men, sa han, denne boka må de ikkje lesa for den vil koma til å forandra dykk.

Dette gjorde meg nyfiken. Var det ein som hadde behov for å bli forandra, så var det meg. Og ein dag fekk eg tak i ein bibeldel som innheldt dei fire evangelia, Apostelgjerningane og Romerbrevet. Eg tok boka med meg heim og begynte å lesa henne, og eg las nøye.

Det var ikkje lett for meg å lesa ei kristen bok. Frå ein muslims synsstad er det så mykje i evangeliet som er blasfemisk, så eg måtte t.d. be Allah tilgje meg kvar gong eg las at Jesus er Guds Son.

Eg las gjennom Matteus, Markus og Lukas, men ingenting påverka meg. Ikkje før eg kom i Johannesevangeliet kapittel 8 vers 7, om kvinna som var gripen i hor og som skulle steinast. Farisearane og dei skriftlærde utfordra Jesus på kva HAN meinte om saka, og DET HAN SVARTE KOM TIL Å FANGA MEG OG FORANDRA HEILE LIVET MITT. Han sa: "DEN AV DYKK SOM ER UTAN SYND, KAN KASTA DEN FØRSTE STEINEN!" Eg stokk og vart redd. Gud visst tydelegvis om alt det hemmelege eg bar på i hjarta mitt som ingen andre visste om. Så vart eg sint, og ville ikkje lesa meir, og valde å dra ut i øydemarka for å gjera leksene mine. Men det nytta ikkje. Bibelkverset forfølgde meg. Heile neste veke var det som ein eld inn i sinnet mitt: "Berre dersom du er utan synd, har du rett til å drepa syster di!"

Eg ropte og gråt i time etter time. Ingen kunne hjelpa meg. Det var skikkeleg fælt. No måtte eg sanna syndene mine, eller drepa syster mi. Og den siste dagen i denne veka ropte eg av heile meg: "Gud dersom dette er rett, vis meg det. Visst ikkje, så vilk eg vita det. For dette er for farleg." Ingenting hende.

Det var seint, og eg prøvde å koma meg heim. Men då heilt plutseleg var dei ei kraft som stoppa meg. Det var Den Heilage Ande. Det var som å få eit elektrisk støyt i hjarta, og brått vart eg fylt med ein himmelsk fred. Eg følte plutseleg eg at eg var det første menneske i verda, og at verda var skapt for meg. Eg hoppa og dansa meg heimover medan eg ropa av glede. Så gjekk eg til syster mi og sa: "Vær så snill og tilgje meg." Då dei andre i familien såg det, vart dei overraska, og dei spurde: "Kva har skjedd med deg? Kva har forandra deg?" "Eg veit ikkje," svara eg, "det einaste eg veit er at denne boka har gjort dette med meg!" "Kva bok er det?" "Det er evangeliet, dei kristne si bok." Mor mi vart så forskrekka. "Tek du med deg dei kristne si bok inn i vår heim? Dette er ei forbanning. Få henne ut, me kan ikkje ha denne boka her." Eg sa då at eg ikkje visste om denne boka er ei forbanning eller ikkje, berre at ho hadde forandra livet mitt.

Så vart eg innkalla til faren min. Han ville lesa boka mi, og det gjorde han i tre dagar og så sa han: "Dette er bra, men ikkje sei noko til naboane våre. Me er muslimar, og dette fungerer ikkje her!" "OK!" sa eg, og så delte evangeliet med brørne og søstrene mine i staden, og fire av søstrene mine gav liva sine til Jesus saman med ein av brørne mine. Men det gjorde faren min veldig sint. Han sa: "Dette er min heim, og du har ingen rett til å forandra barna mine. Trur du på Jesus, er du fri, men du har ingen rett til å forandra barna mine. Du får ikkje lenger lov til å snakka om Jesus til barna mine." Eg sa "ok", og så kasta han meg ut.

Eg hamna på gata og sov ute nokre dagar. Då sa ein ven til meg at eg kunne flytta inn i hans hus. Eg var glad for det, men då eg delte evangeliet med han, vart han sint og kasta meg ut.

Til slutt sa far min at eg skulle få lov å koma heim, "men ver så snill," sa han "ikkje snakk om Jesus heile tida." Eg sa "OK", og fekk flytta heim. Alt dette hende i 1999.

Ved starten av år 2000 begynte eg på universitetet, og eg snakka om Jesus over alt. Det var omtrent 2300 studentar der. Når dei samla seg i større eller midre grupper snakka dei alltid om gutar og jenter. Eg snakka derimot med dei om Jesus. Då vart dei veldig sinte, og dei kom til å hata meg, og dei var alle redde for å ha noko med meg å gjera. Det hende til og med at jentene spytta på meg.

Men eg brukte tida til å be og lesa evangeliet. Men så skjedde ei endring. Etter 3-4 år kom nokre av jentene og bad meg om tilgjeving for dei dei hadde gjort og sagt. Eg spurde dei kvifor, og dei sa at dei hadde tenkt om meg at eg var ein umoralsk mann, men at dei hadde sett at det ikkje var sant. "No ser me at du er ein god mann", sa dei, og ei av dei kom og sanna eit umoralsk høve til ein mann for meg. Og eg tenkte: "Dette er Gud.
Han har måtta bryta meg ned desse tre åra fordi eg hadde vore så fæl, men no har han begynt å byggja meg opp att på ein ny måte."

Etter dette kom eg i kontakt med nokre andre truande, og me begynte å forkynna evangeliet over alt i Kurdistan, noko som me framleis held på med. Me har etablert ei kyrkje, og me har fått ei offisiell godkjenning frå styressmaktene. Dette er den første evangeliske kyrkja etter islamiseringa som starta for ei tid sidan i Midt-Austen. Me har no 5 kyrkjelydar, og me kjempar no for å etablera kyrkjelydar i alle landsbyar over heile den islamske verda."

Ingen kommentarer: