søndag 7. august 2011

Guds dom 2

Me er vel fortrulege med at Jesus ein dag skal koma attende for å døma levande og døde. Men tanken på at Jesus i dag sit ved Fars høgre hand og regjerer og dømer her og no, er fjernare for oss. Men det er denne delen av Guds råd eg vil ta for meg i dag.

I Romerbrevet 1,18 les me at Gud openberrar (merk presensformen) sin vreide frå himmelen over dei som held sanninga nede i urett. Dette er altså noko som skjer her og no, og ikkje berre i framtida. Guds vreide råkar altså ikkje menneske som slit med liva sine og ikkje får det til. Nei, den råkar dei som avviser Gud når han openberrar seg for oss.

Bibelen lærer oss at Gud openberrar seg gjennom skaparverket, samvitet, historia, Bibelen og heilt spesifikt gjennom Jesus Kristus.

At Gud openberrar seg tyder at han gjer seg kjend for oss menneske, utleverer seg så og seia.
Det er på ingen måte likegyldig. Situasjonen er for alltid endra for kvart einaste menneske som har motteke openberring frå Gud.

Apostelen Paulus skriv i fortsettinga av Romerbrevet 1 at til og med menneske som aldri har høyrt evangeliet om Jesus Kristus forkynt, vil gjennom skaparverket og samvitet kunna kjenna både hans guddommelege vesen, hans uforgjengelegdom og hans evige kraft, og det godt nok til å kunna æra og prisa han som den Gud han er. Men dei gjer ikkje det. Dei held sanninga nede i urett, og får difor smaka Guds vreide. Korleis? Ved at Gud overlet dei til seg sjølve og si eiga sviktande dømekraft. Det slår ut med forvirring på to livsområder: det religiøse og seksuelle.

På det religiøse området ved at folk begynnar å æra og dyrka det skapte framfor skaparen.

På det seksuelle området ved at kvinner søker samkvem med kvinner og menn med menn, noko som Paulus kallar for "skammelege lidenskapar". Homoseksualiteten som me ser gror fram mellom oss, må me sjå på som eit uttrykk for Guds dom over ein kultur som ikkje har vilja avgrensa seksuallivet til det livslange ekteskapet mellom kvinne og mann.

Det som me slik ser skje rett framfor augo på oss, må me som kristne oppfatta som Guds dom over vår eigen kultur FORDI ME HAR NEGLISJERT OPENBERRINGA.

Altså: Gud dømer dei som ønskjer å styra seg sjølv ved å overlata dei til seg sjølv. Det inneber at folk misser Guds gode vern, og dei eksponerer seg for ureine løgnånder som overtek herredøme over liva deira samstundes som dei kjenner på ein merkeleg fridom. Det er ei hildring.

Det at folk misser Guds vern fører også til alvorleg etiske degenerering på mange områder, og vers 29-32 i Romerbrevet 1 er vel eit studium verd: "Dei er fulle av allslags urett, umoral og lyst til alltid å eiga meir, av vondskap, misunning og mordlyst, strid, svik og list. Dei fer med sladder og baktale, dei hatar Gud og bruker vald, er hovmodige og skrytande, dei er gode til å finna på vondt og ulydige mot foreldra. Dei er uvituge, upålitelege, ukjærlege og utan miskunn. Dei veit kva Guds lov seier, at dei som driv med slikt, fortener å døy. Likevel gjer dei det ikkje berre sjølve, men dei rosar òg andre som gjer det.

Så ser me altså at Gud dømer i tida på den måten at dei som ikkje vil følgja Guds rettleiing, får i bøtter og spann av det motsette av det Gud vil, og til slutt blir dei ståande overfor skremmande vonde krefter som ein ikkje ein gong visste eksisterte. Då kjem angsten og forferdinga, og i slike tider er det mange som søker Gud på nytt. Vil han høyra og ta imot folk som har gått på ein slik sjølvforskyldt smell? Ja, det er evangeliet. Gud er god mot alle, miskunnsam mot alle sine skapningar, les me i Salme 145. Slik som faren tok imot den bortkomne sonen med kjærleik, slik tek Gud mot kvar einaste angrande syndar som vender om til han, sjølv den mest elendige og djupast falne.

Framhald

Ingen kommentarer: