torsdag 4. august 2011

Er Gud psykopat?


Dersom Gud eksisterer, er han ein vondsinna psykopat, seier tidlegare leiar for Human Etiske Forbund, Lars Gule. Grunngjevingar er den at Bibelen framstiller at Gud sto bak syndfloda og landeplagene i Egypt, og ingen kan gjera slike ting mot folk utan å vera vond.

Dette er interessante synspunkt. Logikken er slik: Dersom Gud eksisterer, er han ein djevel, og sidan han ikkje kan vera djevel (han er jo gud), eksisterer han ikkje. Andre måtar er det ikkje å sjå dette på, meiner han.

Men går det an å avvisa Gud ut frå ein moralsk vurdering av hans karakter? Nei, det er jo ikkje logisk i det heile. Eit døme: Menneske er i følgje hunanetikken godt. Men det eksisterer likevel nokre som er vondsinna psykopatar. Dei seier jo Lars Gule også. Er dei berre ein fiksjon dei då? Dersom menneske er godt, korleis kan det då eksistera vonde menneske? Etter Gules logikk skal ikkje det vera mogeleg, for kor kjem vondskapen frå dersom menneske i sitt vesen er godt og fornuftig?

Saka er: Gud kan godt eksistera sjølv om han skulle vera vond. Men dersom det er slik, har me eit kjempestort problem, for då ventar det ein vond lagnad på oss alle.

Men kvifor snakka om godleik og vondskap dersom Gud ikkje eksisterer? Kven har rett til å derfinera vondt og godt dersom me ikkje har ein norm for slikt som er utanfor oss sjølve?

Lars Gule har heilt sikkert andre førestellingar om vondt og godt enn den syriske presidenten Bashar al Assad. Det gode for Assad er det som tryggjar regimet hans. Det vonde er det som trugar regimet. Kven har rett til å seia at mannen har feil dersom det ikkje eksisterer ein norm for godt og vondt som står over hans autoritet? Ein norm som har ein høgare domar?

Ja, men normen finn me jo i Menneskerettsfråsegna, vil Gule innvenda. Ja, men den har utan den minste tvil sine åndelege røter i Bibelen, som definerte det absolutte menneskeverdet lenge før nokon andre hadde reflektert det aller minste over om det kunne vera slik.

Gule sitt problem er tanken om at Gud er domar. Han dømde Noas samtid til undergang, og tok livet av alle førstefødde i Egypt. Slik kan då ikkje ei gud fera åt og samstundes seia seg å vera god, meiner Gule.

Men saka er den at dersom Gud eksisterer, er det han som skal døma Gule og ikkje omvendt. Då vil Gule møta Gud i hans gjennomtrengande ljos, og hans godleik blir så tydeleg for han at det han før har oppfatta som godt, blir for vondt å rekna, ikkje minst hans eigen dom over Gud.

Gud er god, har alltid vore det og vil for evig vera det. Difor gav han Sonen sin til soning for alle våre synder. Det var eit enormt stort offer, men det var heilt naudsynt. Utan dette offeret kunne ingen som helst blitt frelst. Men på grunn av Guds offer kan alle bli frelst, også Gule.

Dersom ikkje Gud hadde døydd for oss, ville alle menneske gått evig fortapt. Kvifor? Fordi me gjennom vår vondskap hadde vore skuldige til denne straffa., og ingen kunne klandra Gud for vondskap. Vondskapen er vår, og i domen forstår me det.

Men ingen treng å erfara den evige elden. Den er laga til åt djevelen og englane hans. For oss har Gud laga til ein evig heim med pur glede og usmitta godleik, ein herlegdom me får del i ved trua på Jesus Kristus, og berre slik.






Ingen kommentarer: