lørdag 27. august 2011

Refs, ånd og liv

Har den siste veka vore på tur til Rujiena i Latvia saman med ein lærarkollega og 5 elevar. Der møtte me elevar og lærarar frå mange andre europeiske land, og fekk sterke inntrykk frå eit venleg og fridomselskande folk i eit land som er blitt undertrykt av svenskar, russarar, polakkar og tyskarar gjennom mange generasjonar, og som idag slit meir enn godt er økonomisk. Spennande oppleving.

Vil halda fram det me stoppa for ei veke sidan og skriva om krafta i Guds ord (Bibelen).

"Mine ord er ånd og liv," sa Jesus (Johannes 6,63). Men dei gjev ikkje liv sånn utan vidare. Det skjer berre hos dei som er villige til å innretta liva sine etter det han seier.

Dette er godt forklart i Salomos ordspråk 1,23: "Vend dykk hit når eg refser, så let eg mi ånd strøyma ut over dykk og gjev dykk kjennskap til mine ord."

Det hjelper lite at Gud stryk oss med håra. Mange meiner visstnok at Gud er til for å trøysta og hjelpa oss når me har det vanskeleg. Det er ein stor feil. Gud er ikkje til for oss i det heile tatt. Det er me som er til for han, og det krev at me lyttar til han, gjer det han ber oss om og kuttar ut alt han forbyr. Det heiter å venda om.

Guds ord skaper liv hos oss når me let oss refsa av Gud. Dersom me motstår refsing, forherdar me oss mot Hans, og hans ord blir til død for oss.

Ingen kan forstå Bibelen berre ved å lesa han og studera han teoretisk. Det er når me innrettar oss etter det me les at Den Heilage Ande blir aust ut over oss, og det er då me får den rette kjennskap og innsikt i det som står skrive.

Gud refser oss ikkje for ingenting, men for å lækja oss. Synda som me godkjenner i liva våre er som kreftsvulstar som fører oss inn i den evige død, og ein landingsplass for demoniske makter som bedreg oss. Når Gud talar sin vilje inn i liva våre er det på liv og død. Det handlar om å fjerna det vonde og lækja dei djupe såra våre. Guds refs er Guds godleik.

Bibelen er ei annleis bok. Den krev oss med hud og hår, og er rystande radikal. Det vil me også belysa i seinare innlegg, og då meir konkret.



Ingen kommentarer: