tirsdag 10. april 2012

"Som Faderen har sendt meg, sender eg dykk!"

Jesus kom til disiplane 1. påskedag, ikkje berre for å setja mot i dei, men for å senda dei ut på eit farefullt oppdrag. Dei skulle vinna verda for Kristus. Ikkje noko mindre.

Då Jesus vart sendt til jorda, var det ingen veg attende for han. Det var det heller ikkje for Jesu vener. Dei vart sende ut i verda utan returbillett, for å tena dei menneska som Jesus hadde gjeve livet sitt for. Misjon handlar om attreising av Guds ære og rett i verda og evig frelse for menneska. Det er svære ting.

Jesus hadde fullført frelsesverket for alle menneske. Då Far reiste han opp frå dei døde, fekk frelsesverket himmelsk godkjenning. Det var tilstrekkeleg for alle menneske til alle tider. Difor sende Jesus disiplane sine ut til alle nasjonar for å proklamera sigeren over synda, døden og djevelen, og innlemma menneska i Guds familie.

Ingen blir sendt av Gud til menneska for å herska, men for å tena. Ikkje for å bli rike, men for å gjera andre rike, ikkje for å sikra liva sine, men om naudsynt å ofra seg. Alle disiplane, så nær som Johannes, leid martyrdøden. Det var med livet som innsats. Dei visste det. Jesus hadde sagt: "Sæle er de når dei forfølgjer dykk ogpå alle måtar  talar vondt om dykk." Og vidare: "Ve dykk om alle talar vel om dykk."

Misjon  er ein kamp mellom lys og mørkret, mellom Gud og Satan, mellom død og liv. Det går ikkje stille for seg. Djevelen bråkar fælt når kristne proklamerer Jesus som konge og som einaste veg til Gud.

Gjennom Johannes 20,19-23 er alle Jesu truande vener sendte til verda. Me har ingen returbillett. Liva våre er totalt vigde til å tena våre medmenneske med Jesu Kristi evangelium i Den heilage andens kraft.

Jesus pusta på dei og sa: "Ta imot Den heilage ande". Det var forretten på det som kom pinsedag. Når Jesus gjev oss eit oppdrag, utrustar han oss med himmelsk kraft til å fullføra oppdraget. Det skal me få rekna med.

Ingen kommentarer: