mandag 9. april 2012

"Om kvelden var dei alle samla"


Om kvelden 1. påskedag var alle læresveinane samla. Då kom Jesus og sto midt mellom dei og sa: "Fred vere med dykk!" Så synte han dei hendene og føtene sine. Dei bar merker etter naglar.

Fred er ikkje først og fremst ei kjensle, men ein tilstand. På krossen etablerte Jesus ein fred mellom oss og Gud. Me kan seia at han "sat på begge side av bordet", og skreiv under fredsavtalen med sitt eige blod. Freden er eit faktum. Det spelar ingen rolle kva du føler. Freden er urokkeleg grunnfesta i Jesus, ikkje i kjenslene dine.

Då læresveinane såg Jesus og såra han bar og høyrde helsinga hans, må dei ha tenkt på Jesaja 53 der det står: "Straffa låg på han forat me skulle ha fred, og ved hans sår har me fått lækjedom."

Eg vil at du skal merka deg at den siste setninga står i perfektum. Det står IKKJE at me gjennom hans sår SKAL FÅ lækjedom, men at me gjennom hans sår HAR FÅTT lækjedom.

Så skal du ikkje trygla å be om lækjedom, men takka for at den har du fått gjennom Jesus Kristus. Du skal, som Gud, sjå deg sjølv i Jesus Kristus som fullkomen rein, fri, sunn og frisk.

Den fullkomne forløysinga av kropp og sjel høyrer framtida til, men me lever i underets tid, og i Guds kyrkje flyttar litt av framtida inn i notida.

Merk deg dette: Jesus kom då dei alle var samla. Det er lurt å vera der Guds barn samlar seg, for der dukkar Jesus opp. Difor bør ingen halda seg borte frå gudstenester og møter av ymse slag. Då går ein glipp av det beste. Og ingen bør leva menighetslaus. Det er heilt imot Guds råd og plan.

Ingen kommentarer: