lørdag 7. april 2012

Hensikten med Jesu død

 
"Han døydde for alle, forat dei som lever, ikkje lenger skal leva for seg sjølv, men for han som døydde og sto opp for dei." 2. Korintarbrev 5,15.



Jesus Kristus gav ikkje livet sitt for at me skal koma til himmelen når me døyr, men for at me skal leva for han medan me lever.

Det er to heilt ulike tenkemåtar som kolliderer her. I mykje kristen forkynning vert det spela på det egoistiske motivet som handlar om at me ved å tru på Jesus må sikra oss ei god framtid. Men Bibelen framhevar at me skal tru på Jesus fordi han er Gud, fordi han er sannferdig, fordi han har rett på liva våre og fordi me er skapte og frelste til å leva for han, fremja hans interesser og mål i verda.

Det handlar altså ikkje om oss, men om Gud.
I Jesaja 43,25 seier Gud til Israel:  "Eg, eg er den som utslettar dine brot for mi skuld, og syndene dine minnest eg ikkje."

Så fast er vår frelses grunn.

Ingen kommentarer: