tirsdag 3. april 2012

Kva handla Jesu kamp i Getsemane om?

Jesus låg på kne i Getsemane, og han var så tungt pressa psykisk at sveitten rann som blod frå panna hans. Ein engel frå Gud måtte styrka han. Kvifor slik ein dødskamp i hagen?

Det var i Getsemane den endelege avgjerda vart teken. Det var her Jesus tok endeleg stilling til å fullføra Fars vilje, å bera alle syndene våre med seg opp på krossen og gå inn i det evige smertefulle mørkret for vår skuld.

Han ville gjerne sleppa. Han var eit sant menneske, og me vil alle gjerne sleppa smerten. Jesus også. Han såg med gru på det som låg framfor og leita fortvila etter ein annan utveg, ein annan måte å gjera det på. Men det var ingen annan måte å frelsa oss på. Han måtte smaka døden, han måtte inn under domen over våre feilslåtte liv og få alt  uttømt over sin eigen kropp.

"Far, dersom det er mogleg, lat dette begeret gå meg forbi."

Det var ikkje friskt vatn i dette begeret. All verdas vondskap fekk han å drikka, og Guds dom over denne. Ikke merkeleg at han vegra seg.

Jesus hadde valet i Getsemane. Han kunna bryta av og gå heim til Far utan oss. Vår framtid sto på spel i Getsemane. Ikkje ein gong Far i himmelen kunne tvinga han til å gjera dette. Skulle hans død vera til frelse for verda, måtte han gje livet sitt frivilig, fordi han elska oss og sin Fars vilje i denne saka.

Etter to tre omgangar med heftig bøn, var saka klar: "Det får bli som du vil, Far, ikkje som eg vil."
Så reiste han seg og gjekk lagnaden sin i møte med faste steg. Ære vere han for det.

Ingen kommentarer: