fredag 6. april 2012

Gud var i Kristus og forsonte verda med seg sjølv



http://www.mediafire.com/?7ttbxcoduytydh5

Langfredag handlar om forsoning. Forsoning mellom oss og Gud.
Forsoning betyr at to partar som har vore fiendar blir vener.
Paulus skriv i 2. Korintarbrev kapittel 5 at Gud var i Kristus og forsonte verda med seg sjølv.
Korleis gjorde han det? Ved å ta bort alle våre synder med sitt eige dyrebare blod.

Etter denne dagen då Jesus måtte gjennomgå så ufatteleg mykje smerte, kan alle menneske fritt koma til Gud og bli hans barn. Det er den gode frukta av denne vonde dagen.
Men me må alle koma sjølv, og me må koma ein og ein. Det er inga masserørsle inn i Guds rike. Me kjem ikkje inn som kyrkjelydar, nasjonar eller fellesskap. Me kjem inn ein og ein etter kvart som me aksepterer innbydinga frå vår milde frelsar.

Difor er lidingshistoria til Jesus full av enkeltskjebnar.

Me møter Judas som svik Jesus og går evig fortapt.

Me møter Peter som fornektar Herren sin, og går ut i mørkret og gret sårt over sitt eige fall, knust under si eiga bør.

Me møter Pilatus som trass i at han veit at Jesus er uskuldig, dømer han til døden.

Me møter Simon frå Kyrene som må bera krossen for Jesus. For ei ære. Seinare, etter oppstoda, møter han Jesus att og vert ein varm og god kristen.

Me møter Maria, Jesu mor, tett innved krossen. Hjarta hennar blør. Tårene renn og renn. Det gjer så uendeleg vondt. Ho er mor.

Ved krossen møter me også Johannes, han av læresveinane som elska Jesus mest av alle. Han har ingen annan plass å gå. Han må vera hos den kjære Meisteren sin i hans tyngste stund. Det får våga seg at han risikerer livet.

Me møter ein romersk offiser som i Jesu dødsstund ropar ut: ”Sanneleg, han var Guds Son!”  Slik berga han si arme sjel frå evig fortaping.

Og så dei to røvarane som vart krossfesta saman med Jesus. Dei hang på kvar si side av Meisteren.
Den eine, fortel Lukas, spotta Jesus fordi han ikkje kunna eller ville berga seg sjølv og dei. Men den andre hadde eit anna lys over saka. Han sa til den første: «Har du ikkje ærefrykt for Gud, endå du er under same dommen? 41 For oss er dommen rettferdig, vi får berre att for det vi har gjort. Men han har ikkje gjort noko urett.» 42 Og han sa: «Jesus, kom meg i hug når du kjem til ditt rike!» 43 Jesus svara: «Sanneleg, eg seier deg: I dag skal du vera med meg i paradis.»

Kor sterkt dette er. Denne forbrytaren var ein stor teolog. For det første: Han erkjente at Jesus, dette arme menneske som hang blodig og døyande ved sida av seg, var GUD.
Dernest innrømte han si eiga synd, og erkjente at domen som råka dei to var vel fortent.
For eit sjeldant fenomen. Vårt grunnleggande problem som menneske er nemleg ikkje den smerten me må bera, men vår eiga sjølvrettferd, det at me ikkje vil innrømma feila våre. Det stenger oss ute frå Guds rike. Når me innrømmer syndene våre, opnar Gud riket sitt for oss. Kvifor? Fordi Gud elskar sanning i inste hjarta, og Jesus, som er sanninga, seier: ”dersom de blir i mine ord, og mine ord blir i dykk, skal de kjenna sannninga, og sanninga skal gjera dykk frie”. Den som lyg seg gjennom livet, er ikkje av Gud, og kan ikkje koma til Gud.

Det var Pilatus sitt problem. Jesus sa til han: ”Den som er av sanninga, høyrer på meg.” For å koma unna svara han med eit spørsmål som han sjølv visste svaret på: ”Kva er sanning?” Men Pilatus visste kva som var sant, nemleg at Jesus var utan skuld. Det sa han sjølv då han kom ut og snakka med jødane. Men av redsle for folket våga han ikkje handla på det han visste var rett.
Slik stilte Pilatus seg utanfor Guds frelse og det evige livet. Han gjekk mot si eiga overtyding, og tok til slutt, i følgje Eusebius, den første kyrkjehistorikaren,  sitt eige liv ved å drukna seg i ein sjø i Vienne i Frankrike. Men dette er usikkert.

Kva kan me læra av Pilatus? Å ikkje gå imot vår indre overtyding, og gje blaffen i kva folk flest meiner om Jesus og Gud, sjølv om det skulle kosta oss alt. Jesus er vegen, sanninga og livet, og ingen kjem til Far utan gjennom han. Me har alt å vinna på å følgja Jesus og alt og tapa ved å følgja folket, fleirtalet.
Røvaren forsto dette. Han også såg at Jesus var utan skuld. Dette er så viktig. For hadde Jesus sjølv hatt skuld, kunne han ikkje ha dødd for andre enn seg sjølv. Men fordi Jesus var fullkomen etter Guds lov, kunne han ta på seg alle våre andre sine synder og stå ansvarleg for dei. Slik vart han frelsaren vår.
Han som aldri hadde synda, vart gjort til synd for oss, for at me i han skulle ha Guds rettferd. 2.Kor. 5,21
Det fjerde røvaren skjøna var at Jesus var konge over eit rike på den andre sida av død og grav.
I ei spørjeundersøking gjort like før påske mellom nordmenn seier berre 12 prosent av dei spurde at dei trur det er noko etter døden.

88% trur at dei vert borte når dei døyr. Og fordi det er slik, vender dei seg ikkje til Jesus slik som denne røvaren på krossen, for å be om evig liv frå han. Dei blir for alltid ståande utanfor om dei ikkje kjem til sans og samling og søkjer Jesus.

Røvaren på krossen gjorde det. Etter å ha forkynt for venen sin, vender han seg til Jesus og ber: ”Tenk på meg når du kjem i ditt rike!” Og det var alt som skulle til. Bibelen er klår: Den som kallar på Herrens namn skal bli frelst. Å bli hugsa på er å bli rekna med. Det som ligg i røvaren si bøn er dette: ”Herre Jesus, lat meg få bli med deg når du kjem i ditt rike.”
Og Jesus svarar momentant med ei høgtidsam fråsegn: ”Sanneleg, i dag skal du vera med meg i Paradis.”
Her ser du kor utruleg viktig det er å kalla på Jesus og be til han. Det opnar Guds rike for deg, og gjev deg tilgang til all den hjelp og støtte du treng for ditt arme liv.

Kjære ven! All liding har ein ende. Livet her kan vera smertefullt og vanskeleg. Men det varer berre ei kort tid. Så er det slutt. Etterpå ventar ei æva saman med Jesus og hans vener i Paradis. Ære vere Jesus frå æva og til æva. Amen!

Ingen kommentarer: