onsdag 4. april 2012

Guds vilje

 

"Far, er det mogeleg, så lat dette begeret gå meg forbi. Men lat det bli som du vil, ikkje som eg vil," bad Jesus i Getsemane.

I Fader vår lærte han oss å be på same måten: "Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen."

Kva innebar det for Jesus å gjera Fars vilje? At han måtte gje livet sitt til soning for våre synder. Difor var han komen til jorda, og det var ingen annan måte å frelsa oss menneske på. Gud hadde ingen plan B.

Kva inneber det for oss å gjera Guds vilje?

1) at me trur på Jesus,
2) at me vitnar om han,
3) at me elskar kvarandre,
4) at me lever for Gud og ikkje for oss sjølve.

Ingen kommentarer: