søndag 8. april 2012

"Han er oppstanden, halleluja!" 1. PÃ¥skedag 2012


Første påskedag representerer det største paradigmeskiftet i historia. Etter at Jesus sto opp frå dei døde, er alt godt mogeleg for alle menneske. Påskemorgon godkjende Far frelsesverket som Jesus fullførte på krossen. Verda er no forsona med Gud, og menneske frå alle nasjonar, folk og tungemål er velkomen til heim, og Gud forventar og fordra faktisk at dei kjem. Ikkje underleg at misjonsbefalinga kjem i forlenginga av påskeevangeliet. Seiersrapporten må forkynnast for alle han gjeld. Ingen kan koma til tru utan at det vert forkynt for dei, og ingen kan forkynna utan at han sjølv har erfart og lever i Kristi fridom.

Kvinnene som kom til grava denne morgonen hadde ikkje peiling på det gode som hadde funne stad. Dei var i sorg. Men det var det ingen grunn til. Utan at dei visste det, var alle problema deira løyste av Gud. Dette talar til oss. Så mange kristne kan vera triste av ulike grunnar. Men Gud løyste eigentleg problema våre 1.påskedag ved å reisa Jesus opp frå dei døde. Han er midt i mellom oss med all den hjelp me måtte trenga med kva det skulle vera.

Måtte Gud opna augo våre slik at me kunne forstå dette. Då ville liva våre vorte så mykje enklare.

Kvinnene leita etter Jesus. Men dei leita på feil plass. "Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde?" spurde engelen.

Det er ikkje likegyldig kor menneska leitar etter Jesus. Dei må leita mellom folk som lever, mellom dei som har fått hans liv i seg, mellom dei som har vendt om til han og er fødde på nytt ved Guds ord og Guds Ande. Jesus er i si levande kyrkje, mellom dei truande som samlast i hans namn, om det er i ein katedral eller rundt eit kjøkkenbord.

Kvinnen såg at grava var tom, og det fylte dei både med glede og redsle. Det var overtydde om at Jesus levde, men dei visste ikkje kva som kom. Men dei ana at det som no hadde skjedd kom til å endra retninga for livet deira totalt.

Me kan ha tankar om korleis framtida skal bli. Men det spelar inga rolle. Guds planar er alltid større og langt meir spennande enn vÃ¥re. Det er hans planar me mÃ¥ fÃ¥ innsikt i.  Det er dei som betyr noko.

Så møtte dei Jesus. Ingen kan leva på ei tom grav, berre på ein levande frelsar.

Dei fall ned og tilba han. Det er dei einaste rette responsen for eit menneske som møter Jesus personleg. Det er å tilbe han som er den største og mest betydningsfulle som nokon gong har levd.

"Ver ikkje redde!" sa han. "Men gå og fortel disiplane mine at..." Dette er eit mønster. Me møter Jesus, og han helsar oss med fred, gjer oss trygge, og så sender han oss ut med dei gode nyheitene. Slik er det alltid. Ingen får halda dette for seg sjølv. Har du møtt Jesus, er du blitt eit vitne, ein utsending for han.


Ingen kommentarer: