onsdag 18. april 2012

Overflod av liv og glede

Du lærer meg livsens veg,
          hos deg er glede i overflod,
          fagnad utan ende ved di høgre hand.
Salme 16,11

Herren lærer oss livsens veg. Den heiter Jesus. "Eg er vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Far utan gjennom meg" sa han.

Det er berre to alternativ: Anten var Jesus heilt ute å kjøra når det gjeld sjølvbilete og slikt, eller så snakka han sant.

Når me les forteljinga om Jesus, så står han fram som eit ytterst klokt, empatisk og omsorgsfullt menneske. Han verkar ikkje mentalt sjuk og hadde ingen tegn på personlegdomsforstyrring. Han hadde ingen trong for beundring og hyllest. Han delte livet sitt med folk, auste vederlagsfritt ut av ressursane sine, lækte dei sjuke, forløyste dei bundne, tilgav syndarar og gav folk nytt mot og ny lyst på livet. Han var Gud midt i mellom oss, og dei som sto han nær kjende alltid denne styrken og gleda som strøymde ut frå han.

Dette er det livet han inviterer oss til å leva. Me får respondera positivt på hans invitasjon til fellesskap, stå han nært og erfara den overflod av glede som kjem frå han.

Her er ei morgonbøn frå ei bok som heiter Carmina Gadelica, sitert på den flotte nettsida www.faithandworship.com

Takk, Gud, for at eg i dag får stå opp
til sjølve Livet.
Må denne dagen bli til ære for deg, Gud,
og for mi eiga sjel.
Store Gud, støtt og styrk meg
med di miskunn.
Slik som eg kler kroppen min med ull
må du dekka sjela mi med skuggen av vengene dine.
Hjelp meg å halda meg unna all synd
og dei tinga som påverkar meg til synd.
Og må all forvirring bli borte frå sjela mi
som når skodda lettar og sprikk opp over åskammen.

Ingen kommentarer: