mandag 2. april 2012

Kong Jesus, vår evige representant

Jesus reid inn i Jerusalem. Folket hylla han som konge. Han var det. Kva er spesielt med ein konge? Han representerer folket. Det kongen bestemmer, bestemmer han på vegne av folket. Det kongen gjer, gjer han på vegne av alle. Dei lovene han signerer, gjeld oss alle, om me vil eller ei. Bestemmer kongen vår at Noreg skal gå i krig, er me alle i krig. Bestemmer han å slutta fred, er det fred for alle. Me treng ikkje kvar for oss sluttar fred. Det klarar seg med at kongen gjer det.

Jesus representerte oss alle. Hans rettferdige gjerningar vart gjeldande for alle. Då han på krossen slutta fred mellom Gud og menneska, mellom himmel og jord, var det ein fredsavtale på vegne av oss alle. Difor kan me trygt koma til Gud no utan å vera redd for å bli dømt for våre synder. Det er fred mellom deg og Gud. Dette vil palmesøndag minna oss om.

Difor skal Jesus hyllast av oss som trur. Han gjorde det så forferdeleg vanskeleg for seg sjølv, for at det skulle bli så vidunderleg enkelt for oss. Hosianna, velsigna vere han som kjem i Herrens namn. Israels konge.

Ingen kommentarer: