onsdag 7. desember 2011

Fredsfyrsten

Det siste namnet Jesaja gjev vår Herre Jesus er FREDSFYRSTE. Freden var og er Jesu program. Fred på hebraisk er SHALOM, og ordet ber i seg mange ting: velvære, harmoni, tryggleik, venskap. Det ligg altså  eit reservoar av velsigning i denne helsinga, og alt dette får me når me tek imot Jesus.

"Fred gjev eg dykk," sa Jesus til læresveinane sine, "min fred gjev eg dykk, og ikkje den fred som verda gjev. Lat ikkje hjarto dykkar uroast."

Når me opnar opp for Jesus og slepp han inn i liva våre, fyller han oss med SIN fred, dvs. den freden som denne suverene mannen har i seg sjølv og som spring ut av ei grunnfesta tru på Far i himmelen. Det er nesten ikkje til å forstå, men det er sant.

Men her er meir å henta. For Jesus kom ikkje berre for å gje oss ein indre fred, men primært for å etablera fred mellom himmel og jord, mellom oss og Gud. Han fjerna synda med sitt offer, og slik skapte han fred for alle, både dei som er langt borte og dei som er nær (Efesarbrevet 2).

Denne freden må kunngjerast for alle menneske om dei skal kunna nærma seg Gud vår Far. No kan alle koma til Gud utan otte for å møta klagemål. For Gud er det som om synda ikkje eksisterer lenger.

"Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda mellom menneske som Gud har hugnad i!" Slik song englane på Betlehemsmarkene. Gud har har hugnad i dei som kjem til han i tillit til Jesus, og deira liv fyller han med SHALOM.

Ingen kommentarer: