mandag 5. desember 2011

Veldig Gud

 
I dag skal me sjÃ¥ pÃ¥ kva det inneber at Jesus Kristus er veldig Gud. For det første:  Akta nøye kva denne mannen har sagt, kva han meiner og kva han har pÃ¥lagt oss Ã¥ gjera. Me omgÃ¥ast ikkje ein veldig Gud som om han skulle ha vore kven som helst, men Ã¥rvake les me dekreta hans og studerer dei ned til den minste detalj, for heile vÃ¥r framtid og lukke er bunde opp til denne mannen og hans velvilje. Dersom han godkjenner oss, er alt vel. Men dersom han avviser oss er katastrofen komplett. Hans dom over oss er nemleg irreversibel. 



Kva pÃ¥byr han oss? Om Ã¥ venda oss bort frÃ¥ vÃ¥re synder til han som er den einaste som kan tilgje og gje oss evig liv, for det stÃ¥r berre til Gud Ã¥ gjera slikt. Vidare byr han oss Ã¥ gÃ¥ ut og forkynna evangeliet for alle skapningar, lækja dei sjuke, setja dei som er bundne i fridom og byggja alle forløyste saman til levande varme fellesskap som i sin tur gÃ¥r ut og forkynner evangeliet osv. 

Veldig Gud var det som låg i krubba i Betlehem. Han som i rein glede og fryd skapte universet med alle galaksar og solsystem, han som med den største sans for detaljar sette alt saman av milliarder på milliarder av atom, han som får elektronane til å bevega seg med ein svimlande fart i banane sine utan at dei bremsar og stoppar, som me gjerne kunne tenkja oss at dei gjorde, han var det som vart eit lite barn, fødd i fattige kår for i sin guddommelege godleik å frelsa oss frå synd og skam. Til dette måtte han bli eit fattig lite menneske, ein av oss, vår bror, vår likemann, ein som vart prøvd i alt i likning med oss, og som stod sin prøve på alle punkt.

Dette er den Gud me trur på og elskar, han som vart menneske for å bera bort alle menneskers synder. For ein vidunderleg Gud me har. Og tenk, han var stor nok til å døy på vegne av oss alle. Kor godt det er for oss at Jesus Kristus er Veldig Gud.

Ingen kommentarer: