tirsdag 6. desember 2011

Evig Far

Det tredje namnet som Jesus ber er Evig Far. I dette namnet ligg eit vell av omsorg, ansvar og personleg nærvær. Jesus sa om seg sjølv at han var eitt med Far, og han sa: den som har sett meg, har sett Far.

Som Far elskar han oss høgare enn ei mor. Med ein gong du krev hans merksemd, sprett han til, ja, med ein gong du gjev lyd frå deg og kallar på han.

Som far veit eg litt om kva dette tyder. Sønene og døtrene mine er MITT ansvar, sjølv om dei no for lengst har flytta heimafrå og i prinsippet skal klara seg sjølv. Men det skal ikkje store pipet til før han far trør til med det han kan stilla opp med. Du går i døden for barna dine.

Det gjorde også han som vart kalla Evig Far, Jesus. Han gjekk i døden for oss. Kunne ikkje anna. Kunne ikkje overlata oss til vår vanlagnad. Det var umogeleg for han. Han kjende på ansvaret, og han tok det, ansvaret for verdas synd. Sjølvsagt gjorde han det. Han seier ein plass: "Når de som er vonde veit å gje barna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far, som er god, gje Anden til den som bed han om det?"

Ein far likar å vera nær barna sine og ha det fint og hyggjeleg saman med dei. Slik også Jesus. Han vil så gjerna vera nær. Det er opp til oss å gje han denne nærleiken. Det styrker oss enormt når me gjer det. Då blir det skikk på oss.

Ingen kommentarer: