fredag 9. desember 2011

Han er Kristus, Herren!

Desse engleorda fortel oss enkelt og greit kven Jesus er: Han er Kristus, Herren. Kristus er det same som Messias, den som er salva, dvs den fremste mellom menneska. At han er Herren tyder at han er Gud.

Jesus er sant menneske og sann Gud. Han vart ikkje menneske for sin eigen del, men  for vår del. Han kalla seg sjølv for Menneskesonen, dvs representant for alle menneske.  I Jesus er heile menneskeætta (inkludert deg, min kjære lesar) sameint med Gud. Det er ein svimlande stor tanke.

All religion handlar for menneska om å bli sameinte med Gud. I kristendomen er det eit umogeleg og unødvendig prosjekt. Umogeleg fordi me aldri kan nå opp til Gud. Unødvendig fordi han alt har sameint seg med oss. Det skjedde i Jesus Kristus. Slik vart han vår frelsar.  Me blir berre inviterte til å tru dette og sleppa tak i vårt eige religiøse strev, kor seriøst den enn måtte vera.

Ingen kommentarer: