Jesu kongedøme er universelt. Kvar einaste keisar, konge, president, statsminster, regjering og parlament står under hans autoritet, og det gjer dei sjølv om dei ikkje bryr seg katten om kva han meiner om saker og ting. Men det er veldig dumt av dei, mildest talt. For den myndighet dei utøver er delegert, og ein dag skal dei stå til rekneskap for Jesus når han kjem attende for å døma levnde og døde.
I Salme 2 vert alle styrande sterkt oppførdra til å tena Herren med glede og ærefrykt, og skjelvande kyssa jorda for hans føter, dvs. tilbe han.
Jesus sa: "Eg har fått all makt i himmel og på jord." Det greske ordet exousia tyder både makt og rett. Difor kan denne setninga gjerne forståast slik: "Eg har fått retten til alt i himmel og på jord."
Jesus Kristus har retten til all makt i ditt og mitt liv. Difor er eigenrådighet opprør mot han som er innsett som konge i liva våre. "Difor var det han døydde og sto opp, forat dei som lever ikkje lenger skal leva for seg sjølv, men for han som døydde og sto opp for oss," skriv apostelen Paulus.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar