Herodes er sentral i juleevangeliet. Han var, som diktatorar flest, ekstremt paranoid, og då han høyrer om det nye kongsbarnet, velta mistanken, sjalusien, eigaomsorga og redsla opp i han, og han bestemte seg for å drepa barnet.
Det er ganske rart, men også i dag er det mange som opplever Jesus som eit trugsmål mot livet, og difor skjermar dei seg så godt dei kan mot han, den einaste som kan gje dei frelse og evig liv. Dei tenkjer ikkje på at dei er meir i slekt med Herodes enn dei likar.
Herodes drapsplanar var djevelens første åtak på vår kjære Herre og Frelsar. Men Gud vere takk, han verna Jesus, og fekk Josef til å ta han og Maria med seg til Egypt. Alt i starten av livet sitt vart Jesus flyktning, og til alt hell fekk han opphaldsløyve i Egypt, men det hadde han neppe fått i Noreg i dag.
Det er ei stor trøyst for alle som er på flukt at dei deler kår med Jesus. Han vart, som oss, testa i alle ting, men utan synd. Og fordi han sjølv vart testa i alt, kan og vil han no gje oss rett hjelp til rett tid. Det er eit ord til dagens flyktningar. Jesus er på dykkar side. Fatt mot!
For å vera sikker på at Jesus vart drepen, bestemte Herodes seg for å drepa alle gutebarn i Betlehem under 2 år. Desse barna vart dei første som måtte døy for Jesus, historias første kristne martyrar.
Djevelen hatar barn. Difor har han inspirert verdas politiske leiarar til å innføra provosert abort som ein dagleg drapsorgie. Dagleg ofrar me hundretusenvis av barn til djevelen for å stetta blodtørsten hans. Herodes si ånd lever vidare, og er no i ferd med å desimera befolkninga i Russland og i mange andre land, samstundes som han får oss til å tru at jorda er overbefolka.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar