fredag 23. desember 2011

Det sanne lyset

"Det sanne lyset, som lyser for kvart menneske, kom no til verda." Johannes 1,9

Det sanne lyset er Jesus. Uttrykket "det sanne lyset"  kan også omsetjast med "det verkelege lyset". Jesus er altså sjølve lyskjelda, den som all godleik, rettferd og sanninga kjem frå. Alle andre som måtte uttrykka desse edle eigenskapane, reflekterer berre Jesus liksom månen reflekterer sola.

Nokre oppfattar store religionsstiftarar og ideologar som lys som dei orienterer liva sine etter. Desse menneska er falske  lys som fører folk på avvegar. Berre Jesus er det lyset som fører folk til Gud. Berre han er det fyrtårnet som viser rett veg.  "Ingen kjem til Far utan gjennom meg", seier han i Johannes 14,6.

Jesuslyset finn me aleine i Bibelen. Det lyset som kjem frå truande menneske, kjem frå det ordet som bur i dei. For den som har teke imot Guds ord, har Jesus i seg, og Jesus lyset gjennom dei, og jo meir av Guds ord som bur i dei og pregar dei, jo sterkare lyset Jesus gjennom dei. Slik kan han seia til læresveinane sine: "De er lyset for verda," og knyter det opp til det å leva i samsvar med forkynninga i Bergpreika.

Også i dette verset kjem kristendomen sin universelle karakter til syne. Jesus er det lyset som lyser opp kvart (panta = kvart, eller alle)  menneske. Alle er like kjær for han. Han rangerer ikkje. Alle kjem på førsteplass.

Å lysa opp kvart menneske skildrar det som skjer når Jesus kjem inn i folks liv. Då kjenner ein seg så rik og elska. Rett nok avslører lyset alt i liva våre av fusk og fanteri, og alt me har gjort som ikkje har vore motivert av kjærleik til Gud og nesten, samt all eigenrådighet og ulydnad, alt det som Bibelen kallar synd, det som sender oss i fortapinga dersom me ikkje Jesus får koma inn og dekka det heile med sin nåde. Men jo meir me forstår av den slags, jo større blir det for oss at me er elska, ein kjærleik som får hjarto våre til å svulma av forløyst glede. Jesus skaper fest i hjarta.






Ingen kommentarer: