lørdag 17. desember 2011

Ordet som var Gud

Johannes startar evangeliet sitt bak tid og rom. Han skriv: "I opphavet var Ordet, Ordet var hos Gud og Ordet var Gud." Ordet er Jesus. Han har alltid vore, og vil alltid bli. I den første kristne tid sto det ein stor kamp om hans identitet. Det er det enno. Folk flest i dag har vel ikkje særleg klåre meiningar om kven Jesus var eller er, dei feirar jul og syng gjerne julesongar, men når det kjem til stykke er det ikkje mange som vil godkjenna og tilbe Jesus som Gud. Men det er det han er, og å vera kristen er å tilbe han, korkje meir eller mindre.

Barnet i krubba var rett og slett den evige Gud som kom til oss frå himmelen for alltid å vera ein av oss. Det er både fantastisk og ekstremt utfordrande. For det strekker tankane våre langt ut over det naturlege, ja, me blir tvungne til å ta stilling til det som for oss er totalt ubegripeleg. Jesus får det rett og slett til å svimla for mange.

I Johannes 8 seier Jesus i ein diskusjon med dei jødiske leiarane: "Før Abraham var, ER EG!" Her dreg han forhenget solid til sides og seier: Eg er EG ER, på hebraisk JHVH, Herren, Israels Gud, han som openberra seg for Abraham og Moses, som alltid har vore, som er utan opphav og utan ende. Den evige Gud som skapte himmel og jord. Det er Jesus.

Apostelen Tomas skjøna dette då han møtte Jesus ei veke etter at denne hadde stått opp frå dei døde. Han fall ned for føtene hans og sa: "Min Herre og min Gud!" Han vart ein Jesustilbedar den dagen, ein sann kristen.

ORDET er på gresk LOGOS. Det er eit filosofisk uttrykk. Grekarane såg at materien var organisert på ein så vidunderleg intelligent måte at dei tenkte at han måtte ha ein innebygd intelligens. Denne innebygde intelligensen kalla dei LOGOS, verdsfornuften.

Johannes spela på denne erkjenninga då han skreiv evangeliet sitt. Han gav grekarane rett. Det er ein LOGOS i det heile, men de kjenner han ikkje, men det gjer me, og no kjem me for å fortelja dykk kven dette guddommelege geniet er, for han kom til oss som eit menneske, vandra mellom oss, gjorde vel, overvant døden, fòr opp til himmelen, fyller alt i alle og namnet hans er JESUS.

Ingen kommentarer: