onsdag 21. desember 2011

Ein mann sendt av Gud

"Det sto fram ein mann, sendt av Gud, Johannes var namnet hans." Johannes 1,6
Det står fram mange menn i våre dagar. Berre dei færraste av dei er sendt av Gud. Dei fleste står fram med sine eigne ufruktbare og bedrageriske idèar.

Den som er sendt av Gud har ein bodskap frå himmelen. Denne stemmer alltid med Bibelens ord. Ein utsending frå Gud talar aldri mot Bibelen. Dersom nokon talar mot Bibelen, og slik utgjer seg for å vera klokare enn andre utsendingar frå Gud, skal dei ikkje ha vår tillit. Då talar me mot dei så godt som me kan.

Kva særpregar elles dei som er sendt av Gud? Orda deira er aktuelle og skaper reaksjonar, anten blir folk provoserte, eller dei vender om og vert frelste. Det er tale til fall eller oppreising. Mange, mange vart frelste ved å lytta til Johannes. Herodes vart provosert og hogg hovudet av han. Slik er mønsteret.

Utsendingar frå Gud kallar alltid medmenneska sine til omvending. Johannes ropte ut: "Himmelriket er nær, vend om og tru på evangeliet!" Det same forkynte Jesus. Slik er gjennomgangstonen hos profetane. Dei ser så tydeleg at synda må ut av folks liv om det skal gå dei vel. Akseptert synd er kreft i sjela. Den må ut om sjela skal bli frelst og lækt.

Falske profetar og apostlar forkynner ikkje omvending. Dei får folk til å tru at ein kan kombinera eit liv i opposisjon til Bibelen og samstundes har Guds behag over livet. Det er løgn. Dei skjønar ikkje at Guds lov er meir verdfull enn det finaste gull, og at folk berre kan bli reine og preparerte for Gud og himmelriket ved å bøya seg for hans lov som fordrar at me tilber og elskar Jesus over alle ting, er lydige, ærlege og gode i alle livstilhøve, det vere seg økonomi, ekteskap, sex, familieliv, jobb, kyrkjelyd og samfunnet elles.

Ingen kan finna Gud utan å gå gjennom omvendinga sin tronge port. Men alle som vender om og søkjer han av heile sitt hjarta, vil koma til å finna han. Det har han sagt.

Ingen kommentarer: