torsdag 4. desember 2008

Ny utvikling

Me jobbar hektisk med asylsaka vår. Familien treng dagleg å byggjast opp, og i tillegg handlar det om å henta inn opplysningar som kan vippa saka i rett retning. I går fekk me eit brev frå ein ortoped på Haukeland som opererte Karim i kneet for eitt år sidan. Han kan med stor grad av sikkerheit sei at skaden skuldast tortur. Det er ingen grunn til å tvila på det, skriv han. Og dette er viktig. No har me ein fagleg vurdering av ein spesialist, og den er ikkje så lett for UNE å sjå bort frå.
Dessutan jobbar me med ein interessant språkleg ting her. I avslaget står det at Karim umogeleg kunna ha vore kristen i 15 år då han ikkje visste forskjell på jul og påske. No viser det seg at UDI i røynda aldri har spurt korkje om jul eller påske. Dvs dei hadde spurt om han visste kva påske var, men den afghanske tolken hadde omsett spørsmålet slik: Viet du kva "eydeh Masih" er for noko. Karim hadde svart: Det er til minne om at Jesus vart fødd. Dermed konkluderer UDI med at han ikkje veit forskjell på jul og påske. Dette felte han som kristen. Men saka er den at "eydeh Masih" betyr ikkje påske. Det betyr "fest for Messias" , altså "jesusfest", og det kan jo like gjerne vera jul som påske. Då er konklusjonen slik: UDI spør om påske, tolken overset med "Jesusfest" og Karim svarar "jul". Dermed får UDI det inntrykket at denne mannen lyg om trua si. Forstemmande tilfeldig. Men no får me sjå. Det sig ein del gode argument til her no.

Ja, ja. Livet er hektisk. Midt oppi alt kjem alt det som dagane elles krev, både for Tove og meg. I går var det å gjera ferdig ei kjemioppgåve i samband med etterutdanning, så var det å gå musikklinja sin haustkonsert (som forresten var utruleg bra), Elise går andre året der no. Og i morgon er det til Bergen for å høyra på Kristin som har konsert med koret ho syng i. Så her er det berre å henga på. Innimellom må eg så ta litt tid å snakka med vår himmelske Far. Hans godleik overgår alt. Midt i alt det travle, må eg berre bada i hans milde ljos. Det gjer meg godt.

Kyrkjelyden blomstrar for tida. Nye folk finn glede av å vera med, og det er stort. Søndag vil eg tala om Maria og Gabriel. Det får våga seg om det eigentleg høyrer heime i februar, det er då ganske mykje advent og jul i denne teksten også. Er du interessert i å få med deg kva eg har sagt om denne teksten? Gå inn på kristkyrkja.no i laupet av søndags kveld, så vil du finna denne talen.

Ingen kommentarer: