fredag 26. desember 2008

Er det rom for dei?


Familien Sajedi er hos oss denne jula. Her ser du pappa Karim, mamma Rahele og vesleguten Arsalan. (Kven andre som er her, og korleis dei ser ut, finn du ved å kikka på familienthoresen.blogspot.com) Det å ha denne familien i huset gjev feiringa vår eit ekstra perspektiv. Me har kjent det som ei kristen utfordring å ikkje stenga herberget for Jesu søsken som er på flukt. Det skulle då også berre mangla. Norske styresmakter har inga forståing for kva fåre kristne i Iran lever i, og dei har valt å mistru Karim inn til margen av hans eiga tru. Me som har vore saman med han i 3 år veit at det ikkje er mange her i verda som elskar Jesus som han. Men UDI har funne ut at han er proforma kristen som har late seg døypa i von om å oppnå asyl. Ja, slik tenkjer dei utan å ta omsyn til informasjon frå oss som veit betre. Det kan sanneleg kjennast tungt å ha med statlege forvaltningsorgan å gjera. Men me veit at han som bur i oss er sterkare enn han som bur i verda, så me held fram med å be og arbeida.
Dei trudde forresten også at Karim laug då han fortalde at han hadde vore utsett for totrur. Men me fekk ei fråsegn frå ein ortoped på Haukeland som sa at dei skadene mannen har i beina mest truleg stammar frå tortur. Men då sa dei at det hadde dei teke omsyn til i første avslaget?? Men det er ikkje sant. Den gongen skreiv dei at han laug om alt. Me står i ein livsviktig kamp for kristne søsken. Ver med oss å be, og vil du vera med å støtta økonomisk (dette kjem til å kosta), så kan du senda bidraget ditt til Kristkyrkja på Stord på konto 3520 56 15006.
Kristkyrkja fylles desse dagar med folk frå Eritrea, Iran og Afghanistan. Ja, nokre nordmenn sig faktisk til også. Det er underlege tider. Jesus openberrar seg for fleire av desse stakkars menneska gjennom draumar, og for oss er dei mogne frukter som berre lengtar etter å bli betre kjent med Frelsaren.
Eg sat ein kveld og las Matteus 2 saman med Raheleh, og me snakka om dei vise mennene som reiste frå Austerland til Betlehem for å finna og tilbe den nye kongen. Dei visste i hjarta sitt at kongen som var fødd var Gud sjølv sidan dei kom for å tilbe han. Gud fann det for godt å openberra dei inste løyndomane sine for desse heidningane. Han sende Anden til dei og forklarte dei meininga med stjerna, og Han dreiv dei av garde til Betlehem slik at dei kunne lukka Jesus inn i hjarto sine for all framtid.
Då sa Raheleh at dette på eitt vis også var hennar historie. Som ung jente hadde ho lukka Gud inn i hjarta sitt. Ho hadde ei tante som hadde fortalt henne om den gode Gud som skapte himmel og jord, og som hadde vore tilbedd og elska lenge for Allah kom inn på arenaen. "Då eg høyrde om Han, lukka eg han inn til meg, og etter den dagen har han talt til meg og rettleidd meg alltid når eg har hatt bruk for det. Men eg kjende ikkje Jesus. Eg visste ingenting om hans frelse. Men så sende Gud meg den lange vegen frå Austerland til Noreg, og her møtte eg Jesus og no forstår eg at eg må tru på han, og at han måtte bli eit ekte menneske for å kunna frelsa oss."
Ja, slik sit me og pratar om kveldane. Så ber me saman, og Gud kjem oss nær og rører ved oss med si kraft.
EI FORTSATT GOD HELG TIL ALLE LESARAR.
Som de vonleg skjønar har førjulstida vore så travel for ein pastor/lærar at det er blitt lite blogging ut av det. Men no er det ferie, og eg står opp lenge før dei andre, og då kan eg bruka tid saman med Jesus og med dykk som les dette her. Kjem snart attende med nokre fleire juletankar.
Jens


Ingen kommentarer: