torsdag 2. februar 2012

Kan EU forhindra domedag?

Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
På ABC - nyheter les me i dag: "EU-basert forskning skal forhindre dommedag." Det var ei fiffig overskrift som set tankane i sving hos oss som trur på Gud. EU er ein mektig organisasjon. Men det kan vel henda dei tek vel mykje på seg når dei vil berga oss frå domedagen.

Vel, sjølvsagt forstår me. EU vil forska på om det er mogeleg å leida asteroidar på veg mot jorda inn i ein ny bane slik at jorda ikkje vert råka av ein stor katastrofe som utslettar alt liv.

Men det at jorda vert råka av ein stor himmellekam er jo ikkje domedag. Domedag kjem når Jesus syner seg på himmelen saman med alle englane i stor makt og herlegdom. Han kjem for å frelsa alle som trur og døma alle som har står han i mot og fornektar namnet hans.  Det kan sjølvsagt ikkje EU stoppa. Så langt rekk ikkje makta i Brussel.

På krossen gjennomlevde Jesus domedag for oss. Difor er han den einaste som kan berga oss frå den evige straff som Gud feller over syndarar. Ingen som trur på han, skal dømast skuldig, les me i Salme 31.

Kven har nøkkelen til frelse i dag? Guds forløyste kyrkjelyd. Det er me som har den bodskapen som kan skapa den trua som bringer folk frå mørkret til lyset, frå mørkers makt og til Gud.

TRU PÅ HERREN JESUS, SÅ SKAL DU BLI FRELST, DU OG DITT HUS.

Ingen kommentarer: