fredag 24. februar 2012

Paulus i Efesos I



På si tredje misjonsreise kom Paulus til Efesos, Jonias kulturelle og religiøse hovudstad. Det var som å gå inn i løvehola. Men Paulus var strateg. Han gjekk alltid etter storbyane. Det er desse som bestemmer det åndelege klimaet i eit land. 
Han vart verande i Efesos i 2 år. Det vart ei uvanleg tid både for han og byen. Dette kan du lesa om i Apostelgjerningane 19. I kveld skal eg til Seimsfoss i Kvinnherad og tala over 19,11-20. Her er første delen av talen. Resten kjem i morgon saman med lydfila.

I dag skal me føst og fremst snakka om ATMOSFÆRE. Ikkje lufta me har rundt oss, men det åndsmiljøet me lever i.
Det naturvitskaplege, materialistiske synet på verda pregar dei fleste av oss. Me held oss gjerne til dei tinga som er laga av molekylar. Den fysiske verda.  Den me kan måla og vega.  Det noko trygt med det håndfaste, synest me, det me kan sansa.
Men det synlege er jo vorte til av det usynlege, les me i Hebrearbrevet 11. Det er det me trur, ikkje sant?  Gud er usynleg, og han er opphavet til alt me kan sjå. Slik kan me seia at det usynlege står over det synlege.
Kva er det usynlege? Det som sansane våre ikkje kan registrera. Men våre sansar er høgst avgrensa. Verda er full av reint fysiske fenomen som me ikkje kan registrera. Me kan ikkje sjå UV-stråler,  røntgenstråler, radiobølgjer, tyngdekrafta eller magnetismen. Men desse tinga eksisterer til tusen. Hundar og andre dyr lukter ting som me ikkje har den minste evne til registrera. Men luktene er no der likevel. Og kva med bakteriar, tøffeldyr, virus, molekylar, atomer og  elemtærpartiklane. Hadde du for tohundre år sidan fortalt folk om slike ting, ville dei ledd godt og sagt at du hadde god fantasi.
Poenget mitt er atom  ting er usynlege, betyr det slett ikkje at dei ikkje eksisterer. Saka er: Det eksisterer meir utanfor vårt sanseområde enn innafor!
Paulus skriv i Efesarbrevet 6 om vondskapens åndehær i himmelrommet. Himmelrommet er berre eit anna ord for luftrommet rundt oss, det som er over bakken.  Me kan ikkje sjå dei vonde åndene med augo våre, like lite som me kan sjå Gud, men dei er der likevel og bestemmer i stor grad kva som skjer i miljøa våre.
Ei fallen verd er dominert av vonde ånder som heile tida infiltrerer og pregar oss, og jo meir me lyttar til dei og innrettar oss etter dei, jo større makt får dei over oss og over dei me har rundt oss.
Dei får oss til å synda, til setja våre eigne interesser aller først i liva våre, til å baktala vår neste, kritisera, klaga, strida, utøva vald, misbruka barn,  lyga, lura, intrigera, rusa oss og driva hor. Dei får oss til å ta livet av ufødde barn, til å svikta våre næraste, og dei kan fylla eit menneske med motvilje mot Guds ord, mot kristne forkynnarar og Guds sanne kyrkje. Dei minimaliserer Jesus og gjer han heilt fjern og ubetydeleg person, og dei immuniserer folk mot sorg og anger over synd og vondskap. Dei blir som døde.  Store synder skaper ikkje god marknad for Jesus. Tvert om.
Korleis skal me møta dette? Eg har gode nyheiter: Når me ber, gjer bot for våre eigne og folket sine synder, syng lovsongar, vitnar om Jesus og gjer det gode tek me makta frå dei vonde åndene og pressar dei på defensiven. Guds heilage ande tek då over dominansen i liva våre, hans rike kjem til oss, og dette riket har ei ibuande vekstkraft i seg. Når me lever disippellivet og tek det skikkeleg ut,  Då blir det lett for folk å tru på Jesus, dei vert interesserte i Guds ord, dei kjem for å høyra, det skjer under og teikn som stadfester ordet for menneska.

Ingen kommentarer: