tirsdag 16. oktober 2018

Disippelaktivitet V. Menneskefiske

Hovudpoenget med disippelskap er å utdanna truande til å bli menneskefiskarar.
Jesus sa: "Følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar", Markus 1,17.

Dette er altså ein kunst, ein dugleik som må lærast. Ingen kan dette berre i kraft av å vera kristne og ha Den heilage ande. Det må lærast av ein mentor som kan kunstene.

Korleis starta?

I starten er det mentoren som står med initiativet og hovudansvaret. Mentoren er jo i utgangspunktet ein person som driv med menneskefiske, og det er jo berre å dra disippelen med seg på sine eigne opplegg, rett og slett.

Ein enkel modell er denne: Mentoren har fått kontakt med ein ikkje-kristen som er litt positiv til Gud, og som gjerne vil prata meir, og mentoren inviterer difor han/henne heim til seg for ein kopp kaffi eller kva det no skal vera. Då kan ein prata i fred og ro i ein hyggjeleg og avslappande atmosfære. I denne settingen er det viktig at disippelen også er med (sjølvsagt etter avtale med den andre personen), slik at han/ho kan observera og i nokon grad også ta del i praten.

Ein annan modell er denne: Mentoren har avtalt med ein som enno ikkje er komen til tru, men som er positiv og nyfiken, at dei skal møtast over ein periode og lesa t.d. Johannesevangeliet saman for å prata om innhaldet. Her vil det også vera naturleg å ha disippelen sin med.

I starten kviler alt på mentoren. Disippelen berre møter opp når han får beskjed om det. Det er snakk om å observera for gradvis å få meir og meir ansvar. Men det kjem eg attende til seinare.


Ingen kommentarer: