fredag 19. oktober 2018

Disippelaktivitet VI. Under og teikn som grunnleggjande element i menneskefiske

Jesus lærte disiplane sine opp til å bli menneskefiskarar av rang. Korleis gjorde han det? Ved å ta dei med når han gjorde greiene sine, og ved smått om senn la dei få prøva seg sjølv.

Og kva var Jesu greie? Han forkynte evangeliet, kalla folk til omvending og tru, lækte dei sjuke og sette fri dei som var besette av vonde ånder.

Store deler av Jesu dag gjekk med til dei to siste aktivitetane. Lukas skriv at Guds kraft var hos han til å lækja.  Resultatet var at skarar av menneske kom til han frå heile landet for å få hjelp, anten for sin eigen del, eller for eit sjukt familiemedlem eller ein plaga ven. Og alle fekk hjelp, les me.

Lite avslører Guds godhet for eit menneske som eit mirakel der det desperat trengst. Eit ateist som opplever Gud på denne måten taper ateismen sin på flekken og blir ein teist i staden. Det folk opplever av Gud, bestemmer korleis dei tenkjer om han.

Det er slike ting ein mentor må føra disippelen sin inn i. Det er viktig å kunne presentera evangeliet for folk på ein tankemessig konsistent måte, men enno viktigare er det å gje dei ein direkte erfaring av at Gud finst og at han bryr seg. Får dei denne erfaringa, blir dei straks opne for ein meir samanhengade framstilling av kva evangeliet handlar om. "For Guds rike består ikkje i ord, men i kraft," les me i 1.Korintarbrev 4,20.

Når me les Apostelgjerningane ser me dei same tinga. Gud gjorde mektige gjerningar ved apostlane sine hender. Dette opna folk for evangeliet om Guds frelse i Jesus Kristus, og tusen på tusen kom til tru på kort tid.

Dette utfordrar mentoren til å halda seg nær til Gud og naudbe han om den utrustninga som skal til for å kunna utrusta disippelen til denne type teneste. Kristne leiarar er mentorar, ikkje sjefar, og ein kristen leiars primæroppgåve i verda  er å utrusta dei heilage slik at dei blir dugande til all god gjerning (Efesarbrevet 4).


Ingen kommentarer: