søndag 14. oktober 2018

Stille for Herren. Disippelaktivitet 3

Den tredje ein mentor må læra disippelen sin er å vera stille for Herren. «Vender de om og held dykk i ro, skal de bli frelste. I stille og tillit skal dykkar styrke vera.» sa Gud til Israelsfolket i ei kristetid for landet (Jesaja 30, 15). Og då folket nokre hundreår tidlegare stod i fare for å bli innhenta av egyptarane ved breidda av Raudehavet, sa Moses til dei: «Ver ikkje redde! Stå fast, så skal de få sjå at Herren frelser dykk i dag! For slik de ser egyptarane i dag, skal de aldri meir sjå dei. Herren skal strida for dykk, og de skal vera stille.» (2.Mosebok 14,13-14). 

Som Jesu disiplar er me involverte i ein kosmisk krig mot djevelens makter, men krigen er Guds, og me erfarer siger når me stille og tillitsfullt ventar på hans intervensjon. 

Å vera stille for Gud betyr ikkje berre å teia stille reint fysisk. Det betyr å slutta å opponera mot Gud, og lydig bøya seg for det han seier, om du forstår det eller ikkje, om du likar det eller ikkje. 

Me har så mykje me vil ha sagt, me vil alltid ha eit ord med i laget. Men i møte med den levande Gud, gjer me klokt i å lytta, for kunnskapen, visdomen, autoriteten og kompetansen ligg hos han og ikkje hos oss (Job 32,31-33)

"Berre hos Gud er eg stille, frå han kjem mi frelse" (Salme 62,1)

Som disiplar tilber me Gud, me studerer Guds ord og me er stille for han, og mykje er vunne dersom me lærer oss å teia stille hos Gud medan me grundar på eit bibelord eller ei bibelforteljing. 

Me skal ikkje læra disiplane våre meditasjonskunst. Det er heidenskap. Den som mediterer søkk inn i seg sjølv. Me som er Guds barn vender ikkje blikket innover, men oppover mot Gud. Han åleine er objektet for vårt fokus. I praksis vil tilbeding, bibellesing og det å vera stille flyta meir og mindre  over i kvarandre. Slik tek me til oss åndeleg mat. 

Ingen kommentarer: