søndag 7. oktober 2018

Disiplar skammar seg ikkje over evangeliet

Apostelen Paulus skriv i Romarbrevet kapittel 1 at han ikke skammar seg over evangeliet.
Paulus var ikkje redd for å stå fram som ein kristen, sjølv om det kosta han dyrt å vitna og forkynna om Jesus. Ja, det hende at han ikkje trudda han kom til å overleva. Alltid hadde han ulvane i helane, dei glefsa og beit, berre han opna munnen, så vart det eit hylekor og eit krav om at han måtte bort, og drapsforsøka var mange. Utanom Jesus har det ikkje vore mange som har truga mørkets fyrste og hans rike som apostelen Paulus. Og det fekk han merka på kroppen. Han var steina og piska og måtte tilbringa år i mørke fengselsceller. Likevel stod han på for Jesus seint og tidleg, og livet hans var aldri utan frukt. Stadig kom nye menneske til tru, han "plyndra helvete og befolka himmelen", for å bruka eit kjent uttrykk av Reinhard Bonnke.

Få kristne i Noreg dag har ein så kraftig profil at djevelen finn grunn til å bruka nemneverdig energi på dei. Dei aller fleste er stort sett heilt ufarlege for mørkets fyrste, men ikkje alle, og dei som står fram og ikkje skammar seg over evangeliet, er denne nasjonens håp.

Får få dagar sidan vart det offentleggjort ei undersøking som syner at 90% av dei kristne studentane i dette landet ikkje torer å stå fram med trua si. Skammar dei seg over evangeliet og over Jesus? Eg veit ikkje. Kanskje er dei berre redde for å bli gjort til latter og for å bli ekskludert frå det gode selskap, eller kanskje begge deler.

Kvifor er det blitt slik? Min teori er at dei unge kristne manglar gode førebile. Dei kristne studentane sin foreldregenerasjon, dei som no er 50+,  har i stor grad levd halvhjarta kristenliv, og mange av dei har ikkje vitna for eitt einaste menneske om Jesus Kristus, og då naturlegvis heller ikkje vunne nokon for han. Dei har ikkje disipplegjort ungdomane, og kvifor har dei ikkje det? Fordi dei sjølve heller ikkje vart disippelgjort. Unnlatingsyndene går i arv.

Jesus er krystallklår på dette at den som ikkje kjennest ved han mellom menneske, skal han heller ikkje kjennast ved for Far i himmelen. Det ligg eit ævealvor over slike Jesusord.

Skal dei unge stå fram som stolte kristne som ikkje skammar seg over evangeliet, må dei disippelgjerast. Då treng dei mentorar, folk som har følgt Jesus seriøst ei stund, som kjenner Bibelen, som er glad i folk og som har viglsa livet sitt til menneskefiske.

Er dette eit kall til deg?




Ingen kommentarer: