onsdag 10. oktober 2018

Lovsong, takk og tilbeding, disippelaktivitet nr. 1

Det første ein mentor må læra disippelen sin er å leva i ein atmosfære av takk og tilbeding.

På Betlehemsmarkene var det julenatt ein hær av englar som song:

"Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda mellom menneske Gud har glede i".

I Jesaja 6 får profeten sjå Gud sitjande på kongstolen sin, og rundt han er det serafar som ropar:

"Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot, jorda er full av hans herlegdom".

Og apostelen Johannes fekk mektige himmelsyn medan han var fange på Patmos, og i Openberringa 7 får han sjå Guds kongsstol, og han høyrde lovsongen frå alle som stod Gud nært:

"Amen. All lov og pris og visdom takk og ære, makt og velde høyrer vår Gud til i all æve. Amen". 

I Salmane blir me tallause plassar oppfordra til å lova og æra Gud, slik som t.d. i 147,12 der me les: 

"Syng Herrens pris, Jerusalem, Sion, lovsyng din Gud". 

Kvifor skal me lova Gud? Svaret finn me i Openberringa 4,11:

"Verdig er du, vår Herre og Gud, til å få pris og ære og makt. For du har skapt alt; ved din vilje vart alt til, skapt av deg".

Gud er vår skapar, og alt Gud har skapt, har han skapt til si ære, og han fortener vår lovsong. I Openberringa 19,1 les me at 

"Sigeren, æra og makta tilhøyrer vår Gud".

Me ærar Gud fordi vår ære tilhøyrer han, og me er ikkje slike som stel frå Gud, men me gjev han det som er hans: Oss sjølve og vår lovsong. 

Og som Jesustruande er me blitt Guds tempel, og i Salme 29,11 les me at 

"alt i hans tempel ropar "Ære!"

I Guds tempel, og i Guds natur (Salme 150)  rullar lovsongen mot Gud natt og dag, og skal gjera det i all æva.

På denne bakgrunnen: Det første ein mentor må læra disippelen sin er å lova, takka og prisa Gud, og leva i ein atmosfære av takk og tilbeding. I tillegg kan det vera lurt å ta Daniel som modell og ha tre faste tider på dagen då ein datar Gud, bøyer sine kne (Efesarbrevet 3) og hyllar Herren med ord frå Bibelen eller brukar ord frå dei mange utruleg flotte lovsongane som blir produserte i våre dagar. 



Ingen kommentarer: