fredag 5. oktober 2018

Kyrkja - grunnvollen og søyla for sanninga

I den gamle pakt var templet i Jerusalem Guds hus.
I den nye pakt bur Gud i sine truande vener over heile jorda,  i kyrkja si som i 1.Tim.3,14, blir presentert som "søyle og grunnvoll for sanninga".
Dette er så utruleg sterkt. For det første: Gud bur i oss og mellom oss. DET er berre heilt enormt å tenkja på. Og fordi han gjer det, blir me sterke, ja, ei plattform som Gud kan byggja vidare på, eit folk med bærekraft, ein gjeng til å stola på osv. I Guds kyrkje blir ikkje berre Guds sanningar forkynte, dei blir praktiserte, og først når sanninga vert praktisert, vert ho sanning i bibelsk forstand, for det ordet som er omsett med sanning kan også omsetjast med røyndom (verkelegheit). Når Guds ord blir praktisert, beviser det seg sjølv for folk. Himmelens liv og kraft kjem nær og forvandlar situasjonar og folk.

Me forkynner Guds nåde, me syner nåde, me forkynner reinleik, me lever reint, me forkynner lækjedom, me lækjer,  med forkynner godleik, me er gode, me forkynner glede, me er glade, me forkynner fred, me er fredlege, og alt dette er meiningsfullt å skriva og seia fordi den allmektige og gode Gud bur i oss og mellom oss. Utan han hadde alt dette vore komplett umogeleg.

Ingen skal vera redde for å forkynna ein fulltonande bibelsk bodskap. Summen av Guds ord er sanning. Bibelen vil alltid koma i konflikt med andre trusretningar og ideologiar, og ikkje minst med sekularismen som dominerer mellom folk flest i våre trakter. Men ved å løfta fram og praktisera Bibelens ord, blir folk likevel djupt berørte av Gud, for hans ord er levande og kraftig, det trenger gjennom og dømmer hjartans tankar og råd, og så har det kraft i seg til å frelsa dei som kjenner seg tiltalte og dømde.

Sanninga står fast. Ho er ikkje flytande, men klårt definert i Guds ord, i lov og evangelium. Når det står at det er syndstilgjeving i Jesus Kristus, så er det ingen og ingenting som kan endra på det. Når det står at løgnarar skal gå til grunne, så har dei inga framtid. Når det står at grådige menneske og menn som ligg med menn ikkje skal arva Guds rike, så blir dei for evig ståande utanfor, der dei gret og skjer tenner. Når det står at det etter døden kjem ein dom, så vil alle koma til å erfara at det skjer.

Frelste syndarar har ingenting å skamma seg over. Synda er skammeleg. Men den har me fått tilgjeving for. Den er teken frå oss. Ære til Jesus for det.  Men at mange skammar seg over trua si er trist og unødvendig, og det vil eg skriva litt meir om i morgon.


Ingen kommentarer: