fredag 12. oktober 2018

Dagleg bellesning. Disippelaktivitet nr. 2

Mentorar må føra disiplane sine inn i dagleg bibellesning.
"Lat Kristi ord bu rikeleg i mellom dykk," skriv Paulus i Kolossarbrevet 3,16.
Rikeleg! Kva er rikeleg?
Det er ikkje definert, men det ein mentor kan håpa på er at disippelen blir så glad i Bibelen at det ikkje blir eit ork for han å lesa, men noko som han gler seg til fordi det er så innmari interessant.

Det er fleire måtar å lesa Bibelen på:


  1. Oversiktslesing. Her går kapitla unna utan alt for mykje refleksjon. Fem om dagen kan jo vera ein tommelfingerregel.
  2. Djupnelesing. Då les ein eit vers eller eit kort avsnitt og spør seg sjølv: Kva las eg eigentleg no? Korleis skal eg forstå det eg las? Korleis kan eg på ein god måte formidla innhaldet i dette til andre? Kva tyder dette for meg i dag?
  3. Omgrepsanalyse. Her er det naudsynt å ha ei bibelordbok (eller bruka søkefunksjonen i ein databibel, t.d. i www.bibel.no), og ein må ha ei notatbok.  Kanskje vil du finna meir ut om kva Bibelen meiner med ordet "visdom" eller "visdomen". Då er det berre å slå opp og notera, og etter kvart kjem ein garantert til å oppdaga utruleg interessante ting som ein ikkje har sett før, som t.d. at "visdomen ropar høgt på gata og les røysta si høyra på alle torg" (Ordtaka 1,20),og du undrar deg: Er eg ein person med visdom?
  4. Memorering.  Det handlar om å læra seg bibelvers utanåt. Eg vil berre ha sagt: Den disippel som held på med det, vil veksa i rekordfart og alltid ha noko å dela med andre. Det står om Maria, Jesu mor, at ho "gøymde Guds ord i hjarta sitt", dvs. ho memorerte det. Jesus sjølv må ha memorert. Då djevelen freista han, sigra han ved å sitera frå Bibelen. I Salme 1 står det om den som "grundar på Herrens lov (Guds ord) dag og natt" blir som eit tre planta ved rennande vatn, det ber frukt til rett tid, og blada visnar aldri på det." Attraktivt, ikkje sant?
Bibellesning er heilt avgjerande for om disippelskapet skal lukkast eller ikkje. Som mentorar er me modellar, men me kan ikkje erstatta Bibelen og Den heilage ande som jobbar med folk gjennom Bibelens gode ord. Målet me disippelskapet er jo at kvar læresvein skal bli sjølvstendig og helst overgå mentoren sin i kunnskap, visdom, kjærleik og engasjement. Det kan berre oppnåast ved at han/ho ivrig studerer Bibelen og øver seg i å dela funna sine med andre. 





Ingen kommentarer: