onsdag 3. oktober 2018

Jesu atterkome og verdsmisjonen

Berre Far veit dagen og timen for når Jesus kjem attende. Men me har fått ein del parameter å gå etter når me skal vurdera kor langt unna Meisteren er. Desse skal me sjå på her i dag.

Etter at Jesus hadde fare opp til himmelen, kom det nokre englar og sa til dei mildt sagt overraska læresveinane at Jesus skulle koma attende på same måten som han fòr opp til himmelen.

Etter den tid har alle som elskar Jesus vore fulle av forventning, særleg når dei har vore utsett for forfølging.

Før Jesus reiste heim til Far, lova han læresveinane Den heilage andens kraft og nåde, og dei spurde: "Er det på den tid du skal attreisa riket for Israel?" Då sa han til dei: «Det er ikkje gjeve dykk å kjenna tider og stunder som Far har fastsett av si eiga makt.  Men de skal få kraft når Den heilage ande kjem over dykk, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og heilt til enden av jorda.»

Det handlar om misjonsoppdraget. Evangeliet må nå ut til alle folkslag og språkgrupper, noko Jesus poengterer i Matteus 24, og som me ser resultatet av i Johannes openberring 7.   

Me har ikkje fått Anden for å førebu oss sjølve på Jesu gjenkomst, men for å førebu folkeslaga slik at dei kan ta imot han med tru og glede. 

Apostelen Paulus kallar skriv i Romarbrevet 11,25 om  "folkeslaga sitt fulle tal", noko som synest å vera eit spesielt tal på Jesustruande ikkje-jødar som må oppfyllast før Israel kan bli frelst. Mange ting tyder på at dette talet alt er fullt, for no ser me ein gryande vekkjing mellom jødar over heile verda, inkludert i Israel. 

Og det tredje som må skje før Jesus kjem att er dette: Heile Israel skal bli frelst.  Peter seier til jødefolket i Apostelgjeringane 3,19-20:   "Angra difor og vend om, så syndene dykkar kan strykast ut. Då skal det koma tider med lindring frå Herren, og han skal senda den Messias som er bestemt for dykk, Jesus."

Alt dette må på plass før Herren kjem, og det er, i alle fall frå èi side sett, styrt av Guds kyrkje på jord. Det handlar om misjon. 

"Løft hovudet dykkar og sjå," seier Jesus i Johannes 4 "åkrane står kvite til haust!" Er det ikkje fint? Men ser me det? Ser me på våre medmenneske som klare til innhausting? Må Gud opplysa oss slik at me ser det Han ser. 

Ingen kommentarer: