mandag 1. oktober 2018

Kva er toleranse?

I kjølvatnet av all uroen som har vore rundt min person den siste tida, har eg tenkt på kva toleranse eigentleg er. For nokre år attende las eg Reidar Myhre sine lærebøker i pedagogikk.

Reidar Myhre var frå 1974 til byrjinga på 80-talet professor i faget ved Universitetet i Trondheim.

I boka om didaktikk har han eit kapittel om ulike verdiar som norsk skule skal fremja, mellom anna toleranse.

Toleranse er berre meiningsfullt, skriv han, der det er reell usemje. Elles er det ikkje noko å tolerera.
Å vera tolerant betyr ikkje å tolerera andre sine meiningar, men å innrømma dei retten til å  uttrykkja meiningane sine.

Du kan m.a.o. vera eit tolerant menneske og samstundes hevda at den trua du har er den einaste sanne og rette,  og seia og skriva at alle bør tru og leva som deg, berre du innrømmer andre retten til å seia og skriva det same.

Det andre som høyrer med er  å lytta nøye til kva folk med andre meiningar enn du har å seia, slik at ein er sikker på at ein har forstått vedkomande rett.

Og så krev toleransen at ein ikkje gjer forsøk på å karikera andre sine meiningar slik at dei verkar urimelege og dumme.

Den som er tolerant skil sak og person. Toppen på intoleranse er å diskutera personen som har meininga i staden for å diskutera den meininga han har. Og me kan vel seia at det slik sett er mykje intoleranse i dagens samfunn.

Ingen kommentarer: