torsdag 29. mai 2014

Grunntankar i Romarbrevet XXI. Kap 8,27-30

v.28-30: v. 28 er vidunderleg. Alle ting tener dei til gode som elskar Gud. Tenk på det: ALLE TING, også det som absolutt ser ut til å peika i feil retning: sjukdom, nederlag, forfølging, mangel, krig, død, tap, sorg og elende eller kva det skal vera. Alt dette, som kjem frå djevelen, tek Gud i sine hender og snur det til det gode for sine barn, dei som etter hans råd er kalla.

Kven er kalla etter Guds råd? Det er dei som elskar Gud. Dersom du elskar Gud, er du blant dei som er kalla og utvald av han, og han har gjort deg rettferdig for seg ved å tilgje deg alle syndene dine og tilrekna deg Jesu rettferd.

Me må stansa ved ordet "gode". Kva er eit gode? Det er, slik Gud ser det, alt som fører oss nærare han, som utrustar oss til teneste for han og som gjer oss betre i stand til å føra andre menneske til han. Gud brukar erfaringane våre, anten dei smakar godt eller vondt, til å forma og utdanna oss slik at me blir meir lik Jesus, og DET er bra.

Bibelen er full av paradoks. Eit paradoks er ikkje ein påstand som står i motsetning til ein annan, slik me vanlegvis brukar ordet, men ein setning som tilsynelatande ikkje let seg sameina med ein annan. Ordet "paradoks" er gresk og tyder "dobbeltlære" og handlar om to positive utsegner om den same tingen som me ikkje klarer å få til å stemma overeins med kvarandre. I vår tekst møter me den tanken av Gud plukkar ut dei som skal bli frelst. Det er ikkje menneske som vel Gud, men han som vel ut menneske. Jesus seier i Johannes 15 at "de har ikkje utvalt meg, men eg har utvalt dykk." Det må ha vore sterk å høyra. Andre plassar i Bibelen er det tydeleg at det er oss menneske som må velja Gud om me skal bli frelst.  Denne dobbeltlæra må me berre leva med,  og me må audmjuka oss og bøya oss for det me ikkje klarer å sameina med tanken, men berre fryda oss over at dersom me er mellom dei som elskar Gud, så er me komen på den rette sida av streken, me er mellom dei utvalde.

Det at du er kristen kviler på to sterke pillarar: Jesu død og oppstode, og på Guds utvelging. Det skulle fortelja deg at Gud til dei grader er FOR deg. Då spelar det liten rolle kven som er imot deg. Dersom du har 1 milliard kroner i banken, uroar du deg ikkje for ein rekning på 10000 kroner. Har du Gud med deg på laget, treng du ikkje vera redd for kven du har imot deg. Gud er saman med  deg med alle sine ressursar. Du kan synast det ser mørkt og stengt  ut for deg, men det er berre for ei kort, kort tid, så frir han deg ut og livet ditt eksploderar i glede. Men også medan du er i dødsskuggens dal, treng du ikkje ottast for vondt. For Gud er med deg og dekkar bord for deg like framfor augo på fiendane dine. Det er ei underleg oppleving som kristne underforfølging kan fortelja meir om enn denne skrivaren.






Ingen kommentarer: