torsdag 15. mai 2014

Romarbrevet leksjon XVII. Kap. 8,7-9

Kjøtet, vårt gamle syndige og sjølvsentrerte menneske, jobbar alltid mot Gud. Det vil aldri det Gud vil. Det tek seg lett nær av ting, og reiser gjerne ein eller annan tåpeleg konflikt mot eit annan person  om det finn interessene sine truga på eitt eller anna vis, og forventar at alle andre skal stilla opp på si side og støtta. I tillegg jaktar det alltid på nye nytingar og lystopplevingar. Guds interesse er kjøtet totalt uinteressant og uvedkomande. Gud, nei han står berre i vegen med all sitt snakk om tru, tilgjeving, overgjeving og sjølvoppofring. Kjøtet forstår ikkje bæret av Gud, og ser på han, dersom han blir for nærgåande, med eit fientleg og olmt  blikk. Det bøyer seg ikkje under Guds lov, og kan ikkje gjera det. Difor kan ikkje den som lever etter kjøtet vera til glede for Gud, berre til sorg.

Kjøtet kan ikkje kristnast. Det er og blir åndeleg dødt og illeluktande. Korleis kan me då bli sanne kristne? Ved at Gud ved sin Ande tek bustad i oss, og tek kontroll over oss og gjev oss del i sin natur og sine kvalitetar. Dette kallar Jesus for "ny fødsel". Han gjer oss til nye menneske, og dette nye, som er av Gud, er sterkare enn det gamle, og me blir sanne, rettferdige og gode i vår levemåte. 

Den heilage ande er Guds og Kristi Ande, eller sagt på ein annan meir tidsrett måte, han er Guds og Kristi personlegdom. Så ser me meir enn tydeleg nok i vers 9 her at det å vera kristen er å ha Kristi personlegdom. Sterkare kan det ikkje seiast, og sterkare kan det ikkje bli. Den som ikkje har Kristi personlegdom, høyrer ikkje Kristus til.

Ingen kommentarer: