Kjøtet, vårt gamle syndige og sjølvsentrerte menneske, jobbar alltid mot Gud. Det vil aldri det Gud vil. Det tek seg lett nær av ting, og reiser gjerne ein eller annan tåpeleg konflikt mot eit annan person om det finn interessene sine truga på eitt eller anna vis, og forventar at alle andre skal stilla opp på si side og støtta. I tillegg jaktar det alltid på nye nytingar og lystopplevingar. Guds interesse er kjøtet totalt uinteressant og uvedkomande. Gud, nei han står berre i vegen med all sitt snakk om tru, tilgjeving, overgjeving og sjølvoppofring. Kjøtet forstår ikkje bæret av Gud, og ser på han, dersom han blir for nærgåande, med eit fientleg og olmt blikk. Det bøyer seg ikkje under Guds lov, og kan ikkje gjera det. Difor kan ikkje den som lever etter kjøtet vera til glede for Gud, berre til sorg.
Kjøtet kan ikkje kristnast. Det er og blir åndeleg dødt og illeluktande. Korleis kan me då bli sanne kristne? Ved at Gud ved sin Ande tek bustad i oss, og tek kontroll over oss og gjev oss del i sin natur og sine kvalitetar. Dette kallar Jesus for "ny fødsel". Han gjer oss til nye menneske, og dette nye, som er av Gud, er sterkare enn det gamle, og me blir sanne, rettferdige og gode i vår levemåte.
Den heilage ande er Guds og Kristi Ande, eller sagt på ein annan meir tidsrett måte, han er Guds og Kristi personlegdom. Så ser me meir enn tydeleg nok i vers 9 her at det å vera kristen er å ha Kristi personlegdom. Sterkare kan det ikkje seiast, og sterkare kan det ikkje bli. Den som ikkje har Kristi personlegdom, høyrer ikkje Kristus til.
Viser innlegg med etiketten kjøtet. Vis alle innlegg

torsdag 15. mai 2014
tirsdag 13. mai 2014
Grunntankar i Romarbrevet XVI. Kapittel 8,5-6
I dag er det spørsmål etter kva du traktar etter i livet, kva du strekkjer deg mot. Det avslører nemleg kven du er og kva høve du har til Gud. Dersom du er eit frelst menneske, har du fått Guds Ande i hjarta, og då traktar du etter det Gud interesserer seg for, og du strekker deg etter dei måla han har sett opp i sitt ord for oss menneske.
Dersom du enno ikkje er frelst, er Guds interesser ikkje så viktige for deg. Du blir du styrt av dine eigne. Du søkjer deg sjølv i det du gjer, og ikkje Gud. Du lever etter kjøtet og bommar på Guds mål med livet ditt. Ordet synd betyr å bomma på målet.
Kva traktar Anden etter? Det finn me ut ved å lesa i Apostelgjerningane, som me like gjere kan kalla Andens gjerningar. I kapittel 2,4,8,10 og 19 les me om at Anden vart aust ut over grupper av mennesker. Kva skjedde då? For det første begynte folk å lovprisa Jesus Kristus, ikkje fordi dei MÅTTE, men fordi dei VILLE. Det fall dei så naturleg, og dei hadde si glede i Gud. For det andre: Dei talte i tunger. Tungetale er primært eit bønespråk gjeve av Den heilage ande. Åndsfylte menneske søkjer rett ofte inn til Gud i bøn. Ikkje fordi dei MÅ, men fordi dei VIL. Gud blir så kjær for dei, og dei likar seg saman med han. For det tredje: Anden fylte dei truande med frimot slik at dei vitna om Jesus og fortalte om han til alle dei møtte. Slik er det med alle som traktar etter det Anden vil. Dei vitnar om Jesus. Ikkje fordi dei MÅ, men fordi dei VIL. Guds interesser er blitt deira, og sidan Gud ønskjer at alle skal bli frelst, er det også i deira interesse. Og for det fjerde: Dei som opplevde Anden, fekk ein inderleg kjærleik tik kvarandre, gjekk saman i djupe, forpliktande fellesskap, og dei møøtest dagleg for å stadfesta, oppmuntra og hjelpa kvarandre. Anden fargar alle aspekt ved eit menneskes liv, også det sosiale.
Det kjøtet trår etter fører til død. Kjøtet er egoistisk, og egoismen har ikkje lys i seg. Den som lever etter egoet tek alltid val som fører vedkomande bort frå Gud og inn i den evige død.
Anden er oss sendt for å vekka egoistiske syndarar til anger, bot og omvending, få dei til å snu om til Gud, han, den einaste som har tilgjeving, evig liv og lukke å gje oss menneske. Anden vil liv, og dette livet er hos Herren Jesus Kristus, Gud over alle.

Abonner på:
Innlegg (Atom)