lørdag 17. mai 2014

I botnen av vår nasjonale fridom ligg evangliet om Jesus Kristus.

I dag feirar me 200 års jubileet for den norske grunnlova.

I laupet av desse åra har Noreg utvikla seg frå å vera ein etnisk, religiøs og kulturell homogen nasjon der kristendomen gav premissane for korleis folk såg på livet, til ein pluralistisk og sekulær stat der kristendomen er blitt marginalisert og har i dag liten innverknad på korleis vanlege nordmenn lever liva sine.

På 1800-talet var Noreg begunstiga med mange kristne vekkingsrørsler. Reusltatet vart ein sterk misjonsiver og ei røys med misjonsorganisasjonar. Det tok skikkeleg av, og ingen land sende ut så mange misjonærar til andre land i høve til folketalet enn  det Noreg gjorde.

I dag er situasjonen ein annan, nesten snudd litt opp ned, for no opplever me at det kjem  misjonærar frå andre land til Noreg for å bringa evangeliet attende til folket.

Me feirar Noreg som fri og sjølvstendig nasjon i dag. Det er vanskeleg å tenkja seg nasjonal og politisk fridom utan fridom for individet.

I botnet for den individuelle fridomen ligg menneskeverdet. Utan menneskeverd, ingen fridom på sikt. Og her er me ved sakas kjerne. Berre kristendomen, og idear som har sitt opphav i samfunn der kristendomen har dominert lenge, har den grunntanken at alle menneske har same verdi. Elles finn me alle andre gradert menneskeverd basert på etnisk opphav, klan eller kaste.

Difor vil det på sikt vera heilt avgjerande for demokratiet at det kristne evangeliet igjen vert trudd og etterlevd i Noreg.

Men det viktigaste er det likevel at vanlege nordmenn får møta den levande Jesus FOR SI EIGA SKULD. Me skal jo ha ein god kontingent av landsmennene våre med oss inn i himmelriket.

Korleis skal vanlege nordmenn få møta Jesus på ein slik måte at dei begynner å tru på han?
Den dynamiske pastoren i IMI-kirken i Stavanger, Martin Cave, pla seia: "Det ingen i Noreg som har forkasta Jesus, dei veit berre ikkje korleis han ser ut."

Bill Hybels, som leier den største kyrkjelyden i USA, seier: "Den lokale kyrkjelyden er verdas håp!" Og det er sant. Kyrkjelyden er Kristi kropp. Sakan står slik: Ingen av oss kan presentera Jesus fullt ut  heilt åleine, me er for små til det, men som fellesskap klarar me det, vel og merke når me er på vårt beste.

Difor går det også denne grunnlovsdagen ut eit kall til alle kristne om å slå seg saman i dynamiske lokale kyrkjelydar som ser menneska i nærområda sine som målgruppe for Guds godleik. Då vil Guds rike sigra i Noreg også. Det er ei sikker vinnaroppskrift.


Ingen kommentarer: