onsdag 28. mai 2014

Grunntankar i Romarbrevet XX. Kap 8,18-27.

v. 18: Det er viktig å rekna rett. Dersom me berre kalkulerar med dei tinga me kan sjå og sansa, er det heilt bort i natta å stå opp for Jesus og hevda hans prinsipp for kva me skal tru og korleis me skal leva. Men dersom me ser at Jesuslivet gjev oss ei framtid som oppvegar alt ubehag og martyrium tusen gongar, er det lettare å velja. Dei som vel bort lidinga for Jesus her i tida, må lida i all æva. Men dei som vel lidinga for Jesus her, ventar berre herlegdom og ære heime hos Gud.

v.19-23 handlar om naturen. Me les at naturen lengtar etter at Guds barn skal bli herleggjort. Planter og dyr veit seg på ein måte underlagt menneska sitt herredøme, og i dag lid dei under vår egoisme og manglande omsorg og ansvarskjensle. Predatorkapitalisme med påfølgjande miljøkriminalitet avspeglar på ein skremmande måte den økologosike degenerering hos menneska. Naturen lengtar rett og slett etter betre tider, og ser, saman med Guds kjære barn,  fram til at det fremste av alle mennesker, Jesus Kristus skal koma att og gjera alt godt og rett. Då skal alt som lever, leva evig saman med oss på ei nyskapt jord.

v.24-25 "I håpet er me frelste", skriv apostelen. Slik kan han uttrykka seg fordi det er Jesus Kristus som er Guds barns håp, og all frelse, den me nyt HER og den me enno meir skal nyta DER, er 100% knytta til hans oppstode.

v.26-27 lærer oss noko som me elles ikkje kunne visst noko om: Anden, som bur i oss, sukkar og ber kontinuerleg.for oss. Dette er ordlaus bøn som strøymer ut frå oss dag og natt til Far i himmelen. Utan denne bønehjelpa frå Den Heilage Ande kan ingen av oss bli ståande i trua. Og ikkje berre det, Anden veit betre enn nokon kva me treng av smått og stort, og mangt av det me får på overraskande vis, er svar på Anden sine bøner for oss. Men mest av alt: Anden linkar oss til Jesus og Far og gjev oss del i det indretrinitariske fellesskapet, og det er så stort at me manglar dekkande ord for det.

Cand theol Øivind Andersen skriv i sin Romerbrevskommentar at denne ordlause bøna frå Anden frå tid til tid kjem ut frå oss som eit eige bønespråk, tungetale. Det er svært truleg rett. I 1.Korintarbrev 14 står det at å be i tunger er å be i Anden.

Og dersom dette stemmer, og det trur eg, har alle gjenfødde kristne tungemålsgåva i seg, og denne vert utløyst hos ein kristen når han/ho vert fylt av den same Anden.

Ingen kommentarer: