Viser innlegg med etiketten verdiar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten verdiar. Vis alle innlegg

torsdag 9. juli 2009

Svenskekongen ut mot "reality-TV".

Svensk Dagen siterer frå pressekontoret GP at Kong Carl Gustav XVI går ut og kritiserer realitysåpene som pregar tilbodet i mange TV-kanalar. "Eg blir så irritert," seier han. "Alt går ut på å knekka andre. Men slik skal det ikkje vera i samfunnet. Samfunnet skal jo byggja på at ein hjelper kvarandre, og at den svake skal hjelpast og takast hand om. Ein skal løfta opp og støtta i staden, desse TV-programma er fullstending vanvittig ubegripelege, seier kongen til pressekontoret GP. Og så henviser han til verdiane som speidarrørsla byggjer på. Det er eit godt alternativ til dei korrupte verdiane som kjem fram på TV-skjermen.

Dette er bra sagt av "kungen". Han må ha lest formaningane i Paulus sine brev. "Vi gillar honom!"

tirsdag 14. oktober 2008

Litt fabulering om det synlege og det usynlege.

Materialismen er ein sterk og dominant åndsretning i Europa. Det starta under opplysningstida for 200 år sidan, og har seinare vunne meir og meir terreng, ikkje berre mellom dei lærde, men også mellom folk flest. Setningar som "Me kan ikkje tru noko anna enn det me kan sjå og ta på", "kan du bevisa at Gud finst?" osv møte me alle. Ikkje minst me som jobbar i skuleverket. Har ikkje tal på alle dei gongane eg har snakka med elevar om desse spørsmåla.

Det høgaste for materialistane er mennesktanken eller menneskefornuften. Difor trur folk på vitskapen. Vitskapen er handfaste greier, medan trua på Gud synest vera noko luftig og uverkeleg.

Ein av grunnsetningane til materialistane er at me ikkje kan tru anna enn det me kan sansa og forstå.

Men det er ein hake ved dette. For strengt tatt lever vitskapen av "det usynlege". Den har det jo i seg å utforska det ukjende. Når den sluttar med det, er den ingen sann vitskap lenger og utviklinga stansar opp.

Me har ein masse ting rundt oss som me ikkje kan sjå eller sansa. Då mikroskopet vart oppfunne kunne folk brått sjå mange ting ein ikkje hadde sett før: eincella planter og dyr, celler og bakteriar, og likeeins opna stjernekikkerten for tusenvis av nye himmellekamar. Jo, så sanneleg: det usynlege eksisterte.

Så er det jo slik at det menneskelege sanseapparatet er svært avgrensa. Me kan ikkje sansa magnetisme slik som trekkfuglane kan det. Me har han rundt oss, men usynleg.

Så har me alle emosjonane og verdiane våre, alle dei viktige og formande abstraksjonane. Kjærleik, glede, fred, rettferd, truskap, sympati, empati, lojalitet m.m. Spørsmålet er: eksisterer t.d. rettferda i seg sjølv? Kan det tenkjast at om alt vart borte, så ville rettferda likevel vera att? Eller er rettferda ikkje noko anna enn mennesketankar om rett og galt? Står ikkje rettferda på meir solid grunn enn det? Kven kan då døme nokon for folkemord dersom ein heil nasjon faktisk meinte at det som hende var rett? Kven kan forresten seia at den eine mennesketanken er betre enn den andre? For det er jo det å seia at mennesketanken slett ikkje er eintydig. Det har vore svært ulike førestellingar om rett og galt gjennom tidene, og i dag endrar det seg frå kultur til kultur. Nei, tanken om det absolutt rette må vera heva over menneskelivet og styrast utanfrå. Etter 2. verdskrigen vart nazistane dømde ut frå naturretten, ei moralsk lov som er gyldig for alle menneske gjennom alle tider, ei lov som lever i alle menneskes samvit og som samsvarar med dei 10 boda. Ingen person eller nasjon kjem unna naturretten. Den er usynleg, men høgst reell. Det fekk nazileiarane erfara.

Vitskapen er så mangt. Men etter sin natur kan han berre fortelja oss menneske korleis ting er, ikkje korleis ting bør vera. Vitskapen har ingen etikk i seg. Etikken må me få frå ein annan plass.
Kjærleik, glede og fred er i seg sjølv usynlege fenomen. Me elskar, men kan ikkje redusera kjærleiken til kjemi. Kjærleiken går ut over det kjemiske. Det same kan me seia om glede og fred. Om ingen lenger eksisterte her på jorda, ville kjærleiken, gleden og freden ikkje bli borte som universelle verdiar som ville ha vore viktige for eitkvart univers.

Det er Gud som er denne rettferda. Det er Gud som er denne kjærleiken. Det er Gud som er denne gleda, denne freden osv. Han er usynleg, men mektig nær i sitt ord, sin tanke, sitt logos.

Dei sterkast formande kreftene i vårt tilvære er av usynleg natur. Det fysiske får næringa si frå det åndelege. I Kristus vart Gud menneske og løfta menneske opp på guddommeleg nivå og gav oss ved Anden tilgang til sitt eige hjarta der me merkar det gode, sanne og rette strøymer mot oss og fyller oss. For ein mektig Gud vi har.

tirsdag 7. oktober 2008

Pengar og verdiar

Så er statsbudsjettet lagt fram, og det sjølvsagt mykje snakk om pengar i media. Det er vel ikkje til å unngå. I slike tider får alle ei kjensle av at pengar er verdas viktigaste sak. Me trur i det heile veldig på pengar i dette landet, at pengar løyser alle slags problem, og dersom me berre har litt meir av dei, så vil alt gå så mykje betre for oss. Men det er ein illusjon. Det ser me i dei tilfellene då pengar faktisk øydelegg verdiar. Det kan vera i noko så banalt som eit arveoppgjer. Kor mange har ikkje opplevd at omsynet til materiellet verdiar har vorte så viktig for folk at dei har vore viljuge til å ofra fellesskapet med familien for å få det dei meiner dei bør ha? Men få ting er så verdfullt som fred og fordragelegheit i familien. Kor mange har ikkje ofra sjela si ved å vera uærlege i pengesaker ? Ærlegdom og sjelefred er vel langt større verdiar enn kroner og ører. Kven har vel ikkje sokke inn i egoisme og kynisme i jakta på pengar, eigenskapar som me alle ser på som skadelege både for oss sjølve og andre. Og når sjukdomen råkar oss og me ser døden i kvitauga, kva betyr pengar då? Kven kan me all sitt strev legga ei alen til si livslengde? I denne tida må me ropa ut til våre medmenneske at dei må søka Gud og gå på hans vegar, for der er dei sanne livsverdiane å finna. Det kjem ikkje an på pengar.



Jesus seier tre viktige ting om pengar: "Samla dykk ikkje skattar på jorda der mol og makk øyder og tjuvar bryt seg inn og stel, men samla dykk skattar i himmelen..." Dei siste dagane har Island opplevd meir enne noko anna land at mol og makk på kort tid har tært bort både verdien på pengane, verdipapira og eigedomane deira. Landet er i ferd med å gå konkurs, og statsministeren vender seg mot Gud. Kor skal han elles gå? Be gjerne om at Island skal kunna behalda sjølvstende sitt og at islendingane skal læra seg å søka Gud og sanne livsverdiar på ein heile annan måte enn før. Då vil det som råkar dei no vera ein inderleg god ting.

Kva er det å samla skattar i himmelen? De er å samla menneske inn i Guds rike. For for Gud er det menneska som er verdfulle. Og dei som me fører til Jesus får evig liv og kan aldri forgå. Så seier Jesus: "Bruk pengane som det hefter så mykje urett ved til å vinna dykk vener som kan ta imot dykk i dei evige bustadane". Det betyr naturlegvis at me skal investera vesentlege pengar i Guds rike, dvs. i misjon og evangelisering. Og er det det han vilk, så gjer me vel det. Guds rike er vår business. Og det siste sitatet eg vil løfta fram er dette: "Ver ikkje uroa for kva de skal eta eller drikka eller kle dykk med. Slik spør heidningane etter. Men søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt dette andre i tillegg." "Alt dette andre" er mat og klede og livsnødvendige ting. Han lærer oss å slappa av i høve til pengar og ikkje la redsle for knapphet eller trong etter meir styra liva våre. Det er Jesus som er Herre og ikkje Mammon. Han kallar oss til å gå for seg, så skal han syta for at me får det me treng. Så fascinerande og frigjerande enkel Jesus er. Me er hans søsken og barn av den Gud som skapte himmel og jord, kva skulle me vera redde for? Berre dette eine: å koma bort frå han som elskar oss.