Viser innlegg med etiketten dåpen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dåpen. Vis alle innlegg

onsdag 20. november 2013

Grunntankar i Romarbrevet XXI. Kap. 6,1-11. Nøkkelen til eit liv i siger


Kva skal vi då seia? Skal vi halda fram i synda så nåden kan bli så mykje større?  2 Langt ifrå! Korleis kan vi som har døydd bort frå synda, framleis leva i henne?  3 Eller veit de ikkje at alle vi som vart døypte til Kristus Jesus, vart døypte til døden hans?  4 Vi vart gravlagde med han då vi vart døypte med denne dåpen til døden. Og slik Kristus vart oppreist frå dei døde ved sin Fars herlegdom, skal vi òg vandra i eit nytt liv.  5 Har vi vakse saman med Kristus i ein død som er lik hans, skal vi òg vera eitt med han i ei oppstode som er lik hans. 6 Vi veit at vårt gamle menneske vart krossfest med han, for at den kroppen som er underlagd synda, skulle gjerast til inkjes og vi ikkje lenger skulle vera slavar under synda.  7 For synda har ikkje lenger nokon rett over den som er død.  8 Men er vi døde med Kristus, trur vi at vi òg skal leva med han.  9 Vi veit at når Kristus er oppreist frå dei døde, då døyr han ikkje meir, for døden har ikkje lenger makt over han. 10 Døden han døydde, den døydde han for synda, éin gong for alle, men livet han lever, det lever han for Gud. 11 På same måten skal de rekna dykk som døde for synda, men levande for Gud i Kristus Jesus. 

Avsnittet startar med eit retorisk spørsmål. Blir nåden større dersom me syndar meir? Og bør me difor synda mykje så nåden kan bli kjempestor og Gud få meir ære fordi han får meir å tilgje og dermed får syna enno meir av sin godleik? 
Svaret er opplagt. Alle som er blitt fri frå synda, kan ikkje lenger leve i henne og dyrka henne. Nei, dei hatar henne og skyr henne som pesten. Sanninga er at synda har ein svært øydeleggande effekt på liva våre, og når me syndar, fjernar me oss i realiteten frå Gud, og me vanærar han som har skapt oss og som gav  oss Sonen sin for å frelsa oss frå synda. 
For å ta ein enkelt døme: Alle som har hatt ein stygg sjukdom og er blitt friske att med hjelp av flinke legar, prøver ikkje å påføra seg meir sjukdom etterpå for at legane enno betre skal få syna dugleiken sin og slik få større ære. 
Saka er: Dei som anerkjenner synda og lever i den, kan ikkje samstundes leva som frelste menneske, for frelse betyr fridom frå synd, skuld og skam. 
Her er dåpen sentral. Den som blir døypt, blir døypt til Jesus og hans frelsesverk. Dåpen koplar oss til Jesus Kristus og bringer oss inn i Gud,  over frå eit liv under synda si makt og kontroll  og til eit liv under Guds makt. og kontroll. 
Det er viktig å forstå dette rett. Synda er på ingen måte død i ein kristen. Men derimot er ein kristen død frå den synda han eller ho kjenner på i kropp, sjel og sinn. Når nokon døyr, blir dei skilte frå dei levande. Når me av Gud er erklærte som døde frå syndene våre, er me i hans augo 100% skilt frå dei. Er ikkje dette strålande? Klarar du å sjå deg sjølv med Guds augo? Han ser på deg som heilt og fullt skilt frå dei syndene du har gjort og dei syndige lystene og kreftene som du kjenner på i kroppen din. Og når Gud reknar deg som totalt skilt frå synda di, skal du også få lov å rekna slik. Og Paulus skriv om oss som er døypte: Så skal me då rekna oss som døde for synda, men levande for Gud i Kristus Jesus, vår Herre. 
Det er heilt håplaust for oss å forbetra liva våre ved å gå hardare inn for kristendomen. Det fører til religiøsitet, fariseisme og frustrasjon. Nei, me kan berre bli fromme  og gode kristne ved å rekna oss som døde frå alle synder og syndige tendensar og ved å sjå på oss sjølve som perfekte, heilage, reine, elskverdige  og ustraffelege, ja som menneske som alt er komen i mål.  Då taper det vonde dominans i liva våre, og det begynnar å renna velsigning frå oss ut til menneska me har rundt oss. 

Bøn: Heilage Ande! Kom og opna augo våre slik at me kan sjå på oss sjølve slik som Gud vår Far ser på oss. Takk at du ved dåpen har kopla oss på Jesus slik at me  fritt kan nyta alle hans rikdomar og gåver dersom me ønskjer det, og hjelp oss inn i den  åndelege flytsona. Amen! 

søndag 2. desember 2012

Ungdomskjelda


   
 5 Han mettar ditt liv med det gode,
          du blir ung att som ørna.


Naturvitskapen vil prøva å få oss til å forstå oss sjølve som dyr. For ein bommert. For medan dyra er godt fornøgde med livet dersom dei har mat, drikke og varme, er det ikkje slik med oss menneske. For me er åndsindivid, og er ikkje fornøgde før me får metta sjela. Og det kan berre han som har skapt oss, nemleg Gud i himmelen. Det er berre hans kjærleik som kan tilfresstilla oss og gje oss ei kjensle av å vera komen i mål, vera heime om du vil.

Dersom ikkje Gud får metta oss med sin godleik, jaktar me stadig på nye ting, meir av alt, meir pengar, meir hus, meir kunnskap, meir sex, fleire opplevingar, meir underhaldning, fleire medaljar. Menneske utan Gud blir drivne av ein uro, av eit bedrag som seier at dersom eg no berre får litt meir, så blir eg fornøgd.  Men tørsten hungeren etter meir vert ikkje borte før ein kjem til Gud og let seg metta av hans godleik. Då treng du ikkje meir. 

Kyrkjefar Augustin som levde for 1600 år sidan i Nord-Afrika skriv i den berømte boka si "Confessiones": "Gud du har skapt meg til deg, og sjela i meg er uroleg i meg heilt til ho finn kvile i deg." 

Den same røynsla har millionvis av dagens menneske også gjort. I si jakt på noko dei ikkje heilt visste kva var, vart dei sjølve innhenta av Gud, for Gud er ein gjetar som leitar, og overrumpla av ein godleik dei ikkje ante eksisterte. Då slapp uroen taket, og dei kunne seia med Asaf i Salme 73: "Herre, når eg har deg, har eg ikkje lyst til noko på jorda." Eller som David uttrykte det i Salme 23: "Herren er min hyrding, eg manglar ingenting." 

Kva gjer Gud med oss når me kjem til han? Han fornyar oss, ja han gjer oss unge att, les me. Dette er utruleg oppmuntrande. Folk gjer alt mogeleg i våre dagar for å halda seg unge, og dei betalar milliardvis av kroner for å skjule alderdomen som kjem snikande. Men det er heilt unødvendig. Det er Gud som er ungdomskjelda. Han er evig ung til sinns, og den som fyller sinnet med Gud, blir som han i så måte. At kroppen blir eldre er ikkje mogeleg å hindra. Men dei som let seg fylla av Guds godleik, blir aldri gamle.

Paulus skriv: "Dersom nokon er i Kristus, er han ein ny skapning, det gamle er blitt borte, sjå, alt er blitt nytt." 2.Korintarbrev 5,17. Når eit menneske blir kristen, får det nye mål og eit nytt livsinnhald. Frå no av handlar det om å nyta godene i Guds rike, og jobba for at andre skal få del i dei same godene. Dette går ikkje i eiga menneskeleg kraft. Å leva med Gud og for Gud er overnaturlege saker, og me må få del i hans kraft dersom det skal fungera. Den får me hos Jesus. Han, som sjølv fekk denne krafta i dåpen, deler den med oss når me ber han om det. Han fyller alle døypte som trur med Anden, og når det skjer, får me ny oppdrift i liva våre, me blir som ørnar som flyt på vindane utan å anstrenga oss det minste. Me tener Gud i hans kraft og opplever merkelege resultat utan at me har strevd for det, og utan at me kan ta ære for det, like lite som ørna kan ta ære for den vinden som ber ho. 

Takk gode Gud og Far at du mettar oss med din godleik, og for at du gjenskaper og fornyar oss ved trua på Jesus slik at me blir som deg:  unge til sinns og kongelege i vår framtoning. Me er døypte til Kristus og tilhøyrer han, fyll oss med Anden slik at me denne dagen kan leva i hans kraft og flyta som staselege ørnar på dine vindar.