Viser innlegg med etiketten Augustin. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Augustin. Vis alle innlegg

torsdag 4. oktober 2018

Gud, - eller stoff, tid og tilfeldigheit?

I realiteten er det berre to alternativ med tanke på å forstå universet, kvifor det eksisterer og korleis det fungerer:
  1. Gud
  2. Stoff, tid og tilfeldigheit 
Det skal lite til for å bli samde om at begge desse synsmåtane avspeglar ei umåteleg sterk tru. 

Problemet med den siste versjonen er større enn med den første. 

Det er to grunnar til det.

  1. Big Bang-teorien reknar faktisk ikkje med at det eksisterte stoff før det sa PANG, og spørsmålet blir då: Kva var det som sa PANG?
  2. Dinest er det ei ubryteleg fysisk lov som populært seier at "alt som har høg orden vil gradvis gå mot låg orden". Medan skaparverket tydelegvis har gått motsett veg, og akkurat DET vitnar uansett om ein "ordnar" som står utanfor og over universet, og som då må vera opphav til det heile. 

Å tru på Gud er altså langt meir logisk enn å tru på stoff, tid og tilfeldigheit. 

Materialistane må fornekta plan og mål. Likevel osar universet plan og mål, og me menneske elskar planar og mål. 

Det høver perfekt til Bibelens bodskap om at me er skapte i Guds bilete (1.Mosebok 1,26-27). Gud elskar plan og mål, og det gjer sanneleg me også. Utan plan og mål kunne me ikkje ha bygd byar, vegar, fabrikkar, datamaskinar, bilar og fly.

Utan plan og mål hadde me ikkje hatt blomster og barn. Men fotosyntesen, forbrenninga, fungerande organ og ein hjerne som faktisk gjev oss evne til sjølvrefleksjon og verbal kommunikasjon, må ha sitt opphav i eit sjølvreflekterande vesen som kommuniserer verbalt. Og han kallar seg "Eg er", "Veldig Gud", "Evig Far" og "Den Allmektige", han som er opphavet til alt anna. Han er VÅRT opphav, VÅR sanne og kjærlege Far.  

Og Augustin skriv: "Gud, du har skapt meg til deg, og mi sjel er uroleg i meg inntil ho finn kvile i deg!"

søndag 2. desember 2012

Ungdomskjelda


   
 5 Han mettar ditt liv med det gode,
          du blir ung att som ørna.


Naturvitskapen vil prøva å få oss til å forstå oss sjølve som dyr. For ein bommert. For medan dyra er godt fornøgde med livet dersom dei har mat, drikke og varme, er det ikkje slik med oss menneske. For me er åndsindivid, og er ikkje fornøgde før me får metta sjela. Og det kan berre han som har skapt oss, nemleg Gud i himmelen. Det er berre hans kjærleik som kan tilfresstilla oss og gje oss ei kjensle av å vera komen i mål, vera heime om du vil.

Dersom ikkje Gud får metta oss med sin godleik, jaktar me stadig på nye ting, meir av alt, meir pengar, meir hus, meir kunnskap, meir sex, fleire opplevingar, meir underhaldning, fleire medaljar. Menneske utan Gud blir drivne av ein uro, av eit bedrag som seier at dersom eg no berre får litt meir, så blir eg fornøgd.  Men tørsten hungeren etter meir vert ikkje borte før ein kjem til Gud og let seg metta av hans godleik. Då treng du ikkje meir. 

Kyrkjefar Augustin som levde for 1600 år sidan i Nord-Afrika skriv i den berømte boka si "Confessiones": "Gud du har skapt meg til deg, og sjela i meg er uroleg i meg heilt til ho finn kvile i deg." 

Den same røynsla har millionvis av dagens menneske også gjort. I si jakt på noko dei ikkje heilt visste kva var, vart dei sjølve innhenta av Gud, for Gud er ein gjetar som leitar, og overrumpla av ein godleik dei ikkje ante eksisterte. Då slapp uroen taket, og dei kunne seia med Asaf i Salme 73: "Herre, når eg har deg, har eg ikkje lyst til noko på jorda." Eller som David uttrykte det i Salme 23: "Herren er min hyrding, eg manglar ingenting." 

Kva gjer Gud med oss når me kjem til han? Han fornyar oss, ja han gjer oss unge att, les me. Dette er utruleg oppmuntrande. Folk gjer alt mogeleg i våre dagar for å halda seg unge, og dei betalar milliardvis av kroner for å skjule alderdomen som kjem snikande. Men det er heilt unødvendig. Det er Gud som er ungdomskjelda. Han er evig ung til sinns, og den som fyller sinnet med Gud, blir som han i så måte. At kroppen blir eldre er ikkje mogeleg å hindra. Men dei som let seg fylla av Guds godleik, blir aldri gamle.

Paulus skriv: "Dersom nokon er i Kristus, er han ein ny skapning, det gamle er blitt borte, sjå, alt er blitt nytt." 2.Korintarbrev 5,17. Når eit menneske blir kristen, får det nye mål og eit nytt livsinnhald. Frå no av handlar det om å nyta godene i Guds rike, og jobba for at andre skal få del i dei same godene. Dette går ikkje i eiga menneskeleg kraft. Å leva med Gud og for Gud er overnaturlege saker, og me må få del i hans kraft dersom det skal fungera. Den får me hos Jesus. Han, som sjølv fekk denne krafta i dåpen, deler den med oss når me ber han om det. Han fyller alle døypte som trur med Anden, og når det skjer, får me ny oppdrift i liva våre, me blir som ørnar som flyt på vindane utan å anstrenga oss det minste. Me tener Gud i hans kraft og opplever merkelege resultat utan at me har strevd for det, og utan at me kan ta ære for det, like lite som ørna kan ta ære for den vinden som ber ho. 

Takk gode Gud og Far at du mettar oss med din godleik, og for at du gjenskaper og fornyar oss ved trua på Jesus slik at me blir som deg:  unge til sinns og kongelege i vår framtoning. Me er døypte til Kristus og tilhøyrer han, fyll oss med Anden slik at me denne dagen kan leva i hans kraft og flyta som staselege ørnar på dine vindar.