onsdag 9. oktober 2013

Grunntankar i Romerbrevet XVII, kap.5,2-5

 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgang til den nåden vi står i, og vi er stolte over håpet om Guds herlegdom.  3 Ja, ikkje berre det, vi er òg stolte over lidingane. For vi veit at lidinga gjer oss uthaldande,  4 og den som held ut, får eit prøvd sinn, og den som er prøvd, får håp.  5 Og håpet gjer ikkje til skamme, for Guds kjærleik er aust ut i hjarta våre ved Den heilage ande som han har gjeve oss.

Trua på Jesus gjev oss ikkje berre fred med Gud, men også tilgang til nåden, dvs tilgang til Gud i bøn, og når me kjem til han med det som ligg oss på hjarta, lyttar han velviljug til oss. Og i Hebrearbrevet les me at Gud gjev oss nåde til hjelp i rette tid. Dette er viktig. Me har så mykje på hjarta, så mange behov, så mange saker som me tenkjer på, og me vil gjerne ha svar umiddelbart. Men hos Gud er det noko som heiter "den rette tid", og han grip inn når han ser det gagnar oss og Guds rike best. Men enno viktigare er dette: når me kjem til han i bøn,  ber han oss om å vera stille slik at han kan dela med oss det som ligg han på hjarta. For den som flittig brukar bøneretten og lærer seg å vera stille innfor Gud, vil Guds vilje og mål bli stadig viktigare, og ein blir meir oppteken av det som tilhøyrer Gud enn av det som tilhøyrer oss, og hjarta blir meir og meir  himmelvendt, for der oppe, i himmelen, der sit Jesus, frelsaren, ved Fars høgre hand, og håpet vårt er knytt til Han, han som som har sont våre synder,  stått opp frå dei døde og som har fått all makt i himmel og på jord. Han er den som skal føra oss trygt gjennom denne verdas mange farar og heilt fram til seg. Og når han tek oss heim, skal me vera saman med han for alltid. Då blir alt klårt for oss.

Fordi me har dette håpet i Jesus Kristus, kan me tola mange lidingar. Ja, me rosar oss av dei fordi dei fører oss nærare Gud og kalibrerar oss på dei sanne verdiane. Me får eit prøvd sinn, og alt som me ber på i hovudet av tankar og haldningar som berre er høy og halm, brenn opp i lidingsomnen. 

Guds herlegdom er ikkje berre noko som kjem etter døden. Nei, me får smaka han her og no. Når me kallar på Jesus og slepp han inn i livet, blir Guds kjærleik aust ut i hjarto våre ved Den heilage ande. Me kjenner oss så utruleg elska og verdsett, og me registrerer at denne kjærleiken er ufortent og omfattar alle menneske. Ja, fordi han gjer det, tør me å tru at han også er retta mot oss, og alt av sjølvgodheit, rasisme og fiendtlege haldningar blir blese ut av sinna våre. Slik er Guds nåde oppdragande på dei av oss som tek imot han.
 

Ingen kommentarer: