mandag 14. oktober 2013

Grunntankar i Romarbrevet XVIII. Kap 5,6-11

http://www.mediafire.com/download/5tcdty4yg8jheqa/Romarbrevet_5%2C6.-11_Hjarta_i_kristendomen.WMA

 6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus for ugudelege då tida var inne.  7 Knapt nok vil nokon gå i døden for ein rettferdig mann – endå det kan vel henda at nokon vågar livet for ein som er god.  8 Men Gud viser sin kjærleik til oss ved at Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar.  9 Når vi no har vorte rettferdiggjorde ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han bli frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då hans Son døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då bli frelste ved hans liv! 11 Ja, ikkje berre det, men vi er glade og stolte i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.


Knapt noko avsnitt i Bibelen skildrar Guds frelse så klart som dette. For det første: Kristus døydde for hjelpelause og ugudelege, for dei som ikkje kan frelsa seg sjølv, og  for dei som ikkje vil bli frelst, dei ugudelege. Det var eit slikt klientell Jesus vart sendt til. Det var ikkje slik at folk berre lengta etter at det skulle koma ein frelsar. Nei, det hadde ingen interesse i det, og det har det ikkje enno. Den gongen han kom, krossfesta dei han. Det ville folk på ein eller annan måte ha gjort i dag også. Kvifor? Fordi Jesus kallar oss  til å følgja seg og underlegga oss sin autoritet. Det har me ikkje talent til. Me er  ugudelege, noko som betyr at me vil vera våre eigne herrar, og me ønskjer ikkje meir innblanding frå Guds side enn at han hjelper oss når me har det vanskeleg.

Me skulle tru at Gud irriterte seg sånn over slike kvalme haldningar at han gav oss heilt på båten. Men han gjorde ikkje det. Han elska oss så høgt at Kristus døydde for oss medan me enno var syndarar, dvs medan me enno hadde denne motviljen og arrogansen i oss som pregar så mange menneske i møte med evangeliet. Det er sterkt. Gud elskar rett og slett dei arrogante, og han døydde for fiendane sine, dei som ikkje vil ha noko med han å gjera, dei som sørgde for å krossfesta han då han vart for nærgåande. Og her ser me Guds fabelaktige suverenitet: Han går rett og slett inn og frelser mordarane gjennom mordet. Det er dette som ikkje noko menneske kunne finna på, dette er Guds visdom.

Gud kallar fiendane sine til omvending og tru. For ingen kan med sin arroganse koma inn i himmelriket. For å ta imot frelsa må folk bøya seg, audmjuka seg og angra på overlegenheiten sin, leggja han bort, kalla på Jesus og be han om godt vær. Det ser me tydeleg i Paulus sitt liv. Han forfølgde dei kristne, men måtte bli skikkeleg audmjuka før han kunne bli lukka inn i Guds fellesskap. Men då han gav opp motstanden, angra styggedommen sin og tok avstand frå sitt tidlegare liv, vart han rettferdiggjort, frikjent av Gud og Guds barn av nåde, alt for Kristi skuld, alt på hans rekning. Det er mønsteret for alle. Slik blir me rettferdige for Gud. 

Når no dette er på plass, skriv apostelen her at me enno meir ved han, altså Jesus, skal bli frelst frå vreiden. Kva tyder dette? Jo, når Jesus ved sin død forsonte oss med Gud slik at me kan ha samfunn med han her på jorda, må han enno meir med sitt liv frelsa oss frå den evige domen og få oss inn i himmelriket. Då Jesus sto opp frå dei døde, vant han det evige livet, ikkje berre for seg sjølv, men for alle som trur på han. Den truande har kopla seg på den oppstadne og levande Jesus med alt det som Jesus er og har. Og han gjer oss så trygg på Guds venskap at me tillet oss å vera både glade og stolte. Når me veit at alt er OK mellom oss og Gud, og at Gud reknar oss som rettferdige menneske, blir me veldig avslappa. Me blir glade barn som ikkje krev noko, men berre kosar oss saman med vår himmelske far, han som me ser opp til og beundrar fordi han har fiksa opp i alle problema våre. Me er skikkelege pappajenter og gutar.

 

Ingen kommentarer: